Hopp til innhald

Fagstoff

Sikhismen – etikk

Guru Granth Sahib er den øvste autoriteten til sikhane, og sikhar finn svar på mange etiske dilemma her. Men boka gir ikkje alltid tilstrekkelege svar på nye problemstillingar. Då må ein ty til andre metodar for å finne svar.
Ein gut med turban og ein gut med kvit lua sorterer søppel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er grunnlaget for etikken til sikhane?

Den heilage boka er den absolutte autoriteten til sikhane. Svar på etiske spørsmål og dilemma blir derfor søkt i desse tekstane. Men sidan tekstane er skrivne i ei anna tid, er det som med andre heilage tekstar: Dei gir ikkje alltid svar på moderne etiske problemstillingar. Derfor er det nødvendig med nokre tolkingsnøklar.

Analogiprinsippet blir til dels brukt. Det vil seie at ein finn liknande problemstillingar i tekstane og vurderer om dei kan brukast på nye problemstillingar som dukkar opp. Elles gjeld viktige etiske prinsipp frå Guru Granth Sahib og guruane si lære:

  • likestilling
  • vise gjestfridom
  • tene andre
  • arbeide hardt og ærleg

Når det gjeld khalsaen (fellesskapet av trufaste sikhar), er det dessutan nokre spesifiserte retningslinjer og forbod som khalsa-medlemmar skal ta stilling til (rahit-reglane). Desse dreier seg både om religiøse og etiske saker.

Overordna prinsipp

Seva

Den som vier seg til Gud og mediterer på Guds namn, skal vise dette i ein etisk livsførsel, som blant anna gir seg utslag i gjestfridom og i teneste for andre, seva (‘teneste’). Seva kan vere retta mot det som går føre seg i gurdwaraen, som å lese høgt frå Guru Granth Sahib – å bidra med råvarer, lage mat, servere eller vaske opp i samband med fellesmåltidet (langar) – gjere reint i gurdwaraen eller donere pengar til drifta. Sikhar kan også gjere seva gjennom humanitært arbeid retta mot fattige og trengjande i samfunnet.

Likestilling

Likestilling er eit viktig etisk prinsipp i sikhisme. Ikkje minst er khalsa-sikhar opptekne av at det ikkje er nokon kasteforskjellar innan fellesskapet, men full likestilling. Dette kjem til uttrykk i utdelinga av karah prasad og gjennom langar.

Den som deler ut karah prasad, skal ikkje gjere forskjell på nokon ut frå sosial status, kjønn og religion, men dele ut til alle som har vore til stades og som ønskjer å motta. Ritualet illustrerer dermed etiske prinsipp som likeverd og likestilling.

Det indiske kastesystemet og reinleiksforskriftene på guruane si tid innebar at ein ikkje kunne ete saman med eller motta mat frå folk som kom frå lågare kastar, av frykt for å bli ureine. Når sikh-guruane innførte langar, som innebar å sitje på same nivå (golvet) og motta mat frå ukjende kokkar, var det ein tydeleg protest mot synet på ureinskap og kaste.

Sikh rahit

Då den tiande guruen, Gobind Singh, innstifta khalsaen, innførte han nokre etiske og kultiske reglar (rahit) som medlemmar av khalsaen skulle følgje. Gjennom historia er desse blitt utvida, men i 1950 blei retningslinjene samla i Sikh Rahit Maryada, som er namnet på den moderne utforminga av reglane i dag.

Sikh Rahit består av to delar. Den eine delen fortel korleis ein skal oppføre seg i ein gurdwara og korleis ein skal lese den heilage boka, i tillegg til reglar for overgangsritual som namngjeving, bryllup og død. Den andre delen inneheld reglar for amritdharier, det vil seie dei som er innvigde i khalsaen. Desse pliktar å følgje reglane for etisk og religiøs åtferd, slik dei er nedfelte i Sikh Rahit.

Kurahitene (tabua)

Nokre av reglane er utforma som forbod – eller ‘tabuar’, og blir kalla kurahitar. Dei viktigaste tabuane er:

  • ikkje klippe håret
  • ikkje ete halal-slakta kjøt
  • ikkje ha sex utanfor ekteskapet
  • ikkje bruke tobakk eller andre rusmiddel

På norske sikhar si heimeside blir det gitt forklaringar på desse tabuane. Forbodet mot å klippe håret blir forklart med at sikhar skal akseptere Guds skaping, forbodet mot å ete halal-slakta kjøt blir forklart blant anna med at metoden er inhuman, forbodet mot sex utanfor ekteskapet blir forklart med at sikhar skal kontrollere begjæret sitt, forbodet mot å bruke rusmiddel blir forklart med at dette skadar kroppen. Forboda angår derfor både religiøse og etiske saker.

Andre ting som ein skal halde seg frå er dei fem vonde gjerningane:

  1. løgn
  2. bakvasking
  3. vondsinna sladder
  4. underslag
  5. utakksemd

Dessutan skal ein halde seg frå dei fem vonde impulsane:

  1. begjær
  2. sinne
  3. griskheit
  4. stoltheit
  5. det å knyte seg til verdslege ting

Sjølv om det først og fremst er sikhar som er innvigde i khalsaen som forpliktar seg på å unngå desse impulsane, blir alle sikhar oppfordra til å streve etter dei same ideala.

Sikhar og kjøt og vegetarmat

I Sikh Rahit finn vi forbod mot å ete halal-slakta kjøt, mens det er tillete å ete kjøt frå dyr som er skotne eller slakta på normal måte. Forbodet kan forståast ut frå den historiske spenninga mellom muslimar og sikhar og kan tolkast religiøst – som eit middel for å halde sikhar åtskilte frå muslimar. Men forbodet blir også gjentolka ut frå nye behov. I dag grunngir mange unge sikhar dette forbodet etisk, med at halal-slakting er ‘inhumant’.

Sjølv om Nanak opnar for å ete kjøt, åtvarar han også mot å ete mat som skadar kroppen. Somme tolkar dette som eit råd om vegetarianisme. Men mange sikhar tenkjer det er greit med kjøt så lenge det ikkje er halal-slakta og ikkje er storfekjøt. Langar-måltidet i gurdwaraen består alltid av vegetarmat, slik at alle kan delta.

Kjelder

Breidlid, H. (2020). Sikher. Oslo: Universitetsforlaget

McLeod, W.H. (2009). The A to Z of Sikhism. London: The Scarecrow Press.

McLeod, W. H. (2003). Sikhs of the Khalsa. A History of the Khalsa Rahit. Oxford India Paperbacks. Oxford University Press.

Nesbitt, E. (2016). Sikhism. A Very Short Introduction. Oxford University Press. Henta frå www.sikher.no

CC BY-SASkrive av Halldis Breidlid. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Sikhismen