Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er filosofi?

Filosofi handlar om dei grunnleggjande spørsmåla i livet, men kva er forskjellen mellom filosofi, religion og vitskap – og kvifor er filosofi viktig for deg?
Bilde av ein pipa med teksten "Ceci n'est pas une pipe" under. Måleri.

Kva er filosofi?

Har du nokon gong stoppa opp og stilt deg sjølv eit av dei store spørsmåla i livet? Kva gjer vi menneske her på jorda? Hva vil det seie å vere eit menneske? Kva er sanning? Kva er lykke? Kva er forskjellen på godt og vondt?

Dette er filosofiske spørsmål. Filosofi handlar om dei grunnleggjande spørsmåla i livet, spørsmål det ofte ikkje finst nokon faste eller endelege svar på.

Frå vi blir fødde er vi menneske opptekne av å utforske oss sjølve og verda rundt oss. Vi stiller spørsmål, vi undersøkjer, vi forsøkjer å forstå, vi er nysgjerrige. Filosofien startar med denne undringa. Ordet filosofi betyr kjærleik til visdom. Det er sett saman av dei to greske orda filos (kjærleik) og sophia (visdom).

Sjå filosofane Kaja Melsom og Ole Martin Moen forklare korleis ein tenkjer filosofisk og kva ein filosof gjer:

Filosofi og religion

Filosofien i Vesten oppstod i det gamle Hellas. Dei greske filosofane stilte nye spørsmål og forsøkte å løyse dei ved hjelp av fornufta. Dei aksepterte ikkje lenger religiøse og tradisjonelle svar på grunnleggjande spørsmål om korleis verda var skapt og korleis vi burde leve liva våre.

Moses mottar steintavla med dei ti bod frå Gud. Gud kjem ut av ei sky og er omgitt av englar som speler på basunar. Fargelagt trykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det som skil filosofi frå religion er tilnærminga til kunnskap. Religion er basert på religiøse openberringar, tradisjonar og heilage tekstar. Filosofi er derimot basert på argument og rasjonelle grunngivingar.

Dei greske filosofane diskuterte med kvarandre og med elevane sine. Dei utvikla læringsfellesskap der det var lov å kritisere kvarandre og framføre nye idear. På denne måten la dei grunnlaget for ein veldig vekst i kunnskapen vår om verda.

Filosofi og vitskap

Mellom 1500- og 1800-talet voks den moderne vitskapen ut frå filosofien. Både filosofi og vitskap søkjer sanning ved hjelp av fornufta, men vitskapen er først og fremst oppteken av spørsmål som kan avgjerast ved hjelp av eksperiment og observasjon. Filosofien er oppteken av spørsmål som ikkje kan avgjerast på same måten, og som ofte ikkje har eit endeleg svar.

Byste av mann med bart, fippskjegg, halvlangt hår og pipekrage. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om vi i dag skil mellom filosofi og vitskap og religion, er filosofien framleis ein del av vitskapen. Viss du til dømes spør ein naturvitskapsmann kva han driv med, og kvifor det er viktig, vil du kunne få følgjande svar:

Eg prøver å finne ut sanninga om verda. Jo meir vi veit om verda rundt oss, jo større fridom vil vi ha til å skape eit godt samfunn.

Du kan akseptere dette svaret, eller du kan stille nokre fleire spørsmål for å finne ut kva vitskapsmannen verkeleg meiner. Du kan undersøkje kva føresetnader svaret kviler på og stille spørsmål som:

  • Ja, men kva er eigentleg sanning?
  • Kva er verda?
  • Kva meiner du med fridom?
  • Kva tenkjer du på når du seier eit godt samfunn?

Dette er typisk filosofiske spørsmål. På denne måten kan filosofien bidra til å undersøkje grunnlaget for vitskapleg aktivitet.

Filosofi og deg

I dag finst det filosofar som arbeider på universitet med filosofiske spørsmål. Dei blir kalla fagfilosofar og skriv artiklar om filosofiske emne og filosofar frå tidlegare tider. Det finst også filosofar utanfor universiteta som arbeider med filosofiske spørsmål i andre samanhengar.

Portrett av mann i dress med briller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filosofar har ikkje nødvendigvis noko betre svar på kva som kjenneteiknar sanning, lykke, moral eller meininga med livet enn andre. Dei har likevel trening i å tenkje kritisk rundt desse spørsmåla. Dei har også kunnskap om korleis ein har forsøkt å svare på desse spørsmåla opp gjennom historia.

Dei filosofiske spørsmåla vil alltid vere med på å forme liva våre. Vi har alle ein idé om kva som er godt og vondt, sant og usant, rett eller feil. Desse ideane er med på å bestemme korleis vi vel å leve liva våre. Derfor er det viktig at vi av og til stoppar opp og tenkjer kritisk gjennom ideane våre og stiller oss sjølv filosofiske spørsmål. Ofte er det ingen andre som kan svare på desse spørsmåla for deg. Du må svare på dei sjølv.

Filosofi? Vitskap? Religion?

Kva for nokon av desse spørsmåla er typiske filosofiske, religiøse eller vitskaplege spørsmål?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Filosofiske omgrep og tankemåtar