Hopp til innhald

Fagstoff

Bullshit

Lever vi i ein kultur der sanninga har mista si betyding? Ifølgje Harry G. Frankfurt er kulturen vår gjennomsyra av bullshit. Folk uttalar seg om ting dei ikkje har greie på og bryr seg ikkje om det dei seier verkeleg stemmer, så lenge dei oppnår det dei vil.
Porterett av Donald Trump i profil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filosofi er basert på kritisk tenking. Det vi vil seie at vi undersøkjer og stiller spørsmål ved verda rundt oss på ein klar og fornuftig måte. Ofte inneber det at vi stiller spørsmål ved ting vi til dagleg tek for gitt og aksepterer å tenkje oss om. Filosofien blir på denne måten ein reiskap for å finne ut om haldningane, ideane og tankane våre verkeleg stemmer.

Den amerikanske filosofen Harry G. Frankfurts teori om bullshit er eit godt døme på kritisk tenking. Frankfurt startar med ein daglegdags observasjon som det er lett å kjenne seg att i. Han opplever at kulturen i dag er full av bullshit. Bullshit kan omsetjast med svada, vås, pisspreik eller sutleprat.

Kva er bullshit?

Kva gjer vi eigentleg når vi pratar bullshit? Det er dette spørsmålet Frankfurt vil komme til botnars i. Han startar undersøkinginga si med ei sann historie om ein av dei aller viktigaste filosofane i det forrige hundreåret, Ludwig Wittgenstein.

En middelaldrende mann.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje denne historia ringde Wittgenstein ein gong til ei sjuk venninne. Ho fortalde han då at ho følte seg «som ein overkøyrd hund». Til hennar overrasking reagerte Wittgenstein på denne beskrivinga og svarte alvorleg «Du veit ingenting om korleis ein overkøyrd hund føler seg.»

Kvirfor reagerte Wittgenstein så sterkt? Det er jo ei tilsynelatande uskyldig beskriving av korleis ho føler seg. Ifølgje Frankfurt reagerte ikkje Wittgenstein på venninna si beskriving fordi ho var ei løgn, men fordi ho var tankelaus. Det einaste Wittgensteins venninne ønskjer å formidle er at ho føler seg dårleg. Om sjølve beskrivinga er sann eller ikkje, spelar inga rolle for henne, og det er nettopp denne likegyldigheita overfor sanning som Wittgenstein, som filosof, ikkje likar.

Det er også denne likegyldigheita overfor sanning som skil løgn frå bullshit ifølgje Frankfurt. Når du lyg, forsøkjer du medvite å villeie andre ved å seie noko som du veit ikkje er sant. Når du pratar bullshit, spelar det likevel inga rolle for deg om det du seier er sant eller ikkje. Det einaste som spelar noka rolle, er om du oppnår ein bestemt effekt.

Ein reklame som ikkje har nokon faktisk informasjon om produktet, men berre bilete av vakre, glade og vellykka menneske er ei form for bullshit. Det einaste poenget med reklamen er å skape ei positiv kjensle, ikkje formidle noko som er sant om produktet.

Bullshit er overflatisk og på mange måtar det motsette av filosofi. Mens filosofi er basert på kritisk refleksjon, er bullshit basert på overtyding. I staden for å argumentere og grunngi standpunktet sitt forsøkjer ein å manipulere andre sine kjensler og oppfatningar. I staden for å leite etter noko sant forsøkjer ein berre å få gjennomslag for synet sitt.

To menn og en kvinne reiser seg fra bordet etter å ha holdt en pressekonferanse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Farane ved bullshit

Ifølgje Frankfurt er bullshit ein større fare for sanninga enn løgn. Det skuldast at løgnaren til ei viss grad bryr seg om sanninga. Viss løgnarane ikkje brydde seg om sanninga, ville dei heller ikkje medvite forsøkje å skjule han. Dei ignorerer derfor ikkje sanninga hundre prosent. Når du snakkar bullshit, kan det du seier tilfeldigvis stemme, men det er deg revnande likegyldig. På denne måten undergrev bullshit respekten for sanninga i enno større grad enn løgn.

Tenk deg eit samfunn der ingen lenger bryr seg om sanninga. Ville det vere mogleg å stole på venene dine viss dei berre fortalde deg det du ville høyre? Ville det vere nokon vits i å stemme ved demokratiske val viss politikarane ikkje fortalde deg sanninga om sin eigen politikk? Ville det vere nokon vits å sjå på nyheitene viss dei ikkje gav oss eit riktig bilete av verda?

Til slutt spør Frankfurt om årsaka til bullshit i samfunnet vårt. Sjølv trur han at ei av årsakene kan vere at vi lever i eit informasjonssamfunn der det er forventa at vi skal ha ei meining om alt – noko som igjen fører til at vi ofte må uttale oss om ting vi ikkje har greie på.

Frankfurt starta med å analysere eit enkelt ord vi alle kjenner til. Han undersøkte det kritisk. Ved å finne ut kva som kjenneteiknar bullshit, kunne han på same tid seie noko viktig om kva som kjenneteiknar kulturen i dag. På denne måten viser han korleis filosofi kan få oss til å sjå nye sider ved verda rundt oss.

Etter denne sketsjen med Rolv Wesenlund og Harald Heide-Steen Jr. frå 1969, blei ordet "supperåd" einstydande med offentlege råd og utval som dreiv med unødvendig tull – bullshit.

Litteraturliste:

  • Antonsen, P & Hjortland, O. (2018, 11 januar). Logikkinnføring #3: Bullshit. Logikksjekk.no. Hentet fra https://www.logikksjekk.no/2018/01/11/logikkinnforing-3-bullshit/
  • Frankfurt, H. (2008). Om Bullshit. Oslo: Krakiel forlag
  • Frankfurt, H. (2016, 12 maj). Donald Trump is BS, says expert in BS. Time. Hentet fra http://time.com/4321036/donald-trump-bs/
  • Svendsen, L.F.H. (2008). Innledning. I Frankfurt, H. Om Bullshit. Oslo: Krakiel forlag
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Filosofiske omgrep og tankemåtar