Hopp til innhald
Oppgåve

Draum og verkelegheit

Korleis kan du vite om verda rundt deg er verkeleg? I denne oppgåva skal du utforske nokre filosofiske spørsmål rundt draum og verkelegheit.

Filosofi er basert på fornuft og kritisk tenking, men kva inneber det?

For det første betyr det at ein set spørsmålsteikn ved mange av dei sanningane vi vanlegvis tek for gitt. Det er likevel ikkje nok å stille kritiske spørsmål.

I filosofien er det også viktig å utforske ulike svar på spørsmåla og reflektere over kva desse svara inneber. Ved å drøfte ulike argument og grunngjevingar opp mot kvarandre forsøkjer filosofane å finne fram til dei beste og mest sannsynlege løysingane.

Oppgåve 1 – draumeargumentet

Eit viktig spørsmål i filosofien er om vi kan ha sikker kunnskap om verda rundt oss. Den kinesiske filosofien Zhuang Zhou (også kjend som Zhuangzi) var ein av dei første som tok opp dette spørsmålet ved hjelp av det såkalla draumeargumentet.

Ifølgje draumeargumentet er vi vanlegvis ikkje klar over at vi drøymer når vi er i ein draum. Sidan opplevinga av verkelegheita når vi er vakne og når vi drøymer liknar kvarandre, er det ikkje mogleg å avgjere om det vi opplever her og no er draum eller verkelegheit.

  1. Kan vi vite 100 % sikkert at det vi opplever no ikkje er ein draum? Grunngi svaret.
  2. Viss det er slik at vi ikkje kan vere heilt sikre på om vi drøymer, kva for betyding har det?

Oppgåve 2 – ulike løysingar

To tusen år seinare diskuterte filosofane Rene Descartes og John Locke liknande problemstillingar. Utforsk Zhuangzi, Rene Descarte og John Lockes ulike svar på desse spørsmåla i presentasjonen under.

  • Kva for ein av dei tre løysingane er du mest einig i? Grunngi svaret.

Oppgåve 3 – refleksjon

  1. Kvifor er det viktig å bruke fornufta til å undersøkje førestillingane våre om verda? Grunngi svaret.

  2. Finst det nokon grenser for kva vi kan undersøkje ved hjelp av fornufta? Gi konkrete døme.

Litteratur

  • Descartes, R. (1980). Meditasjoner over filosofiens grunnlag og andre tekster. Oslo: Aschehoug
  • Springer, B. (2019). Philosophy of Dreaming . Internet Encyclopedia of philosophy.
  • Zhou, Z. (2001). Zhuangzi. I R. Svarverud & N.R. Thelle (Red), Tao Te Ching (91-231) Oslo; De norske bokklubbene.