Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På oppdagingsferd i filosofihistoria

Opp gjennom historia har filosofar vore opptekne av mange ulike spørsmål. Sjølv om det er lenge sidan nokon av desse filosofane levde, er mange av spørsmåla og svara deira like aktuelle i dag. Dei kan ofte gi deg nye og overraskande tankar og få deg til å sjå litt annleis på verda.

Oppgåve 1 – Min yndlingsfilosof

Sjå filmklippet med Melsom og Moen og svar på spørsmåla under.

  1. Kva er det som gjer filosofane Jean Paul Sartre og Jeremy Bentham til Melsom og Moens yndlingsfilosofar?
  2. Kva for eigenskapar trur du ein viktig filosof burde ha? Gi nokre konkrete døme.

Oppgåve 2 – På oppdagingsferd i filosofihistoria

Sjå filmen om filosofiens historie. Finn deretter ein filosof som du er nysgjerrig på og svar på spørsmåla under.

Søk opp informasjon om den filosofen du har valt.

  1. Gi ei kort beskriving av eitt spørsmål eller tema som denne filosofen var oppteken av.
  2. Kva tenkjer du sjølv om synspunkta til denne filosofen? Er du einig eller ueinig. Grunngi svaret.
  3. Finn til slutt noko denne filosofen har sagt eller meint som du ikkje sjølv har tenkt på før.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Filosofiske omgrep og tankemåtar