Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filosofiske paradoks

Eit paradoks er ei utsegn som gir inntrykk av å vere sjølvmotseiande. Paradoks kan kallast for filosofien sine byggjesteinar. Vi kan bruke dei til å forstå korleis fornufta vår er bygd opp, og kvar grensene går for våre tenkeevner.
Ein person held ei høne i den eine handa og eit egg i den andre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filosofi kan forståast som disiplinen som stiller spørsmål ved alt, inkludert det tilsynelatande sjølvinnlysande. Verkelegheita er ofte svært annleis enn ho ser ut. Dagens forskarar, til dømes fysikarar, oppdagar dette til stadigheit, og filosofar byrja å oppdage dette for over 2500 år sidan.

Det verkar sjølvinnlysande at bevegelse er mogleg, at stolen du sit på består av meir materie enn tomrom, eller at løgn og sanning ikkje er det same. Å dra alt dette i tvil kan verke absurd, ulogisk og paradoksalt. Men ved nærmare undersøking viser det seg at desse døma kan bli dratt i tvil med gode argument.

Under følgjer nokre døme på og oppgåver med kjende paradoks frå filosofihistoria. Klarer du å løyse desse paradoksa på eiga hand?

Oppgåve 1 – Allmektigheitsparadokset

Kan Gud vere allmektig? Den arabiske filosofen Averroes var oppteken av forholdet mellom religion og fornuft. Han formulerte allmektigheitsparadokset.

Viss Gud er allmektig, kan han lage eit fengsel han ikke kan sleppe ut av, eller ein stein som er så tung at han ikkje kan løfte han? (Blackburn, s. 259.)

  • Korleis vil du svare på dette spørsmålet?

Oppgåve 2 – Løgnarparadokset

Løgnarparadokset er historia sitt eldste kjende paradoks, og vi finn det igjen i både islamsk filosofi og Bibelen. Det blei formulert av Epimenides frå Kreta.

Epimenides frå Kreta sa følgjande: “Alle frå Kreta er løgnarar”. Lyg Epimenides eller fortel han sanninga?

Viss han snakkar sant, så lyg han sidan han sjølv er frå Kreta. Viss han lyg, snakkar han sant fordi han seier at alle frå Kreta er løgnarar.

  • Korleis vil du løyse dette paradokset?

Vidare utfordring: Zenon sine rørsleparadoks

Likar du paradoks? Då kan du bryne deg på nokre litt meir kompliserte paradoks. Denne videoen presenterer Zenon sine rørsleparadoks. Videoen er på engelsk og har engelsk teksting.

What is Zeno`s Dichotomy Paradox på Ted.com

Kjelder

• Blackburn, S. (2005) Oxford Dictionary of Philosophy. 2nd edition.

• Briseid, E.M. (2018). Paradoks - logikk. Store norske leksikon.

• Kildahl, M. (2014, 25. juli) Gamle paradokser gir ny innsikt. UiO.

• Sorensen, R. (2003). A Brief History of the Paradox. Philosophy and the Labyrinths of the Mind. Oxford University Press.

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Filosofiske omgrep og tankemåtar