Hopp til innhald

Fagstoff

Disiplinane i filosofien

I filosofien stiller ein i utgangspunktet spørsmål ved alle sider av verkelegheita. Det finst derfor ei rekkje ulike disiplinar innanfor filosofien som fokuserer på ulike område.
Statue av naken mann som sit. Han støttar hovudet med den eine handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tradisjonelt har det vore vanleg å dele opp filosofien i fem ulike delar:

  • erkjenningsteori
  • etikk
  • metafysikk
  • estetikk
  • logikk

Erkjenningsteori – Kva er kunnskap?

Erkjenningsteori eller epistemologi utforskar kva vi kan vite. På skulen får vi kunnskap, men kva vil det seie å ha kunnskap om eit tema? Kva er kunnskap? Av og til hender det at den kunnskapen vi lærer på skulen ikkje stemmer, men korleis kan vi skilje mellom det som er sant og det som er usant? Erkjenningsteorien undersøkjer korleis vi kan oppnå kunnskap om verda, og korleis vi med sikkerheit kan vite at noko er sant.

Etikk – kva er rett og gale?

Etikk utforskar moralen, kva som er rett og gale, godt og vondt, og korleis vi burde leve. Kvar dag blir vi stilte overfor ei rekkje ulike situasjonar der vi må avgjere kva som er moralsk rett å seie og gjere. I etikken reflekterer vi over kva som grunngir desse moralske vala. Ein utforskar også korleis ulike etiske prinsipp kan brukast i konkrete situasjonar. I etikken stiller ein også meir grunnleggjande spørsmål: Kvar kjem moralen frå? Finst det moralske sanningar? Er moralen basert på kjensler eller fornuft?

Metafysikk – Kva er verkelegheita?

Metafysikk undersøkjer verkelegheita sin struktur og sitt vesen. Er den fysiske verkelegheita som omgir oss det einaste som eksisterer, eller finst det ei anna verkelegheit som vi ikkje kan sjå? I metafysikken stiller ein spørsmål som: Kva er tid? Kva er medvit? Har mennesket fri vilje? Sidan metafysikken stiller dei mest grunnleggjande spørsmåla om verkelegheita, undersøkjer metafysikken kva som ligg til grunn for alle dei andre disiplinane innan filosofien.

Estetikk – Kva er skjønnheit?

Estetikk undersøkjer kva skjønnheit er. Han utforskar kva kunst er, og korleis vi vurderer kunsten. I breiare forstand utforskar estetikken korleis vi sansar og opplever oss sjølv og verda rundt oss. Vi er heile tida omgitte av objekt som vi bedømmer som vakre eller stygge, behagelege eller ubehagelege. Kvifor blir vi så sterkt påverka av desse objekta? Kvifor synest vi noko er vakkert og noko anna er stygt? Kan kunsten vere ei kjelde til sanning, og kan han gjere oss til betre menneske? Dette er nokre av spørsmåla ein utforskar innan estetikken.

Logikk – Kva er lovene i tenkinga?

Logikken utforskar reglane og prinsippa for rasjonell argumentasjon. Kva kjenneteiknar eit gyldig eller ugyldig resonnement? Korleis kan ein slutte seg frå ein ting til noko anna? Sidan all filosofi er basert på rasjonell argumentasjon, er logikken ein del av alle filosofiske undersøkingar. Logikken er verktøyet til filosofien.

Andre disiplinar

Det er fleire andre disiplinar eller underkategoriar i filosofien i tillegg til dei fem vi allereie har nemnd. Filosofar er ikkje einige om kva disiplinar som er dei viktigaste, eller om korleis filosofien bør delast opp.

Her er nokre døme på andre filosofiske disiplinar:

  • politisk filosofi: studerer organiseringa av samfunnet og andre politiske spørsmål
  • språkfilosofi: studerer strukturen og eigenarten i språket
  • vitskapsfilosofi: studerer metodar og resultat i vitskapen på ein kritisk måte
  • feministisk filosofi: studerer filosofiske spørsmål ut frå eit feministisk perspektiv
  • religionsfilosofi. studerer religiøse fenomen og spørsmål
  • medvitsfilosofi: studerer medvitet
  • eksistensfilosofi. studerer grunnleggjande vilkår for eksistensen til mennesket

Treng du meir fordjuping? Sjå artikkel om disiplinane i filosofien på snl.no.

Viktige omgrep:

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Filosofiske omgrep og tankemåtar