Hopp til innhald

Fagstoff

Videoar og podkastar om filosofi

Her har vi samla korte videoar som handlar om filosofi. Under nokre av videoane er det lenker til oppgåver og relevante ressursar.

Platons holelikning

Filmen er ei forenkla dramatisering av Platons holelikning. Holelikninga er ein illustrasjon av Platons filosofi og eit tankeeksperiment som viser kor vanskeleg det kan vere å komme fram til sanninga.

Artikkel: Platon – ei innføring

Oppgåver: Platons holelikning

Oppgåver: Å tenkje som Platon

Filosofi med Melsom og Moen: Om filosofi

Filosofane Kaja Melsom og Ole Martin Moen beskriv kva det vil seie å tenkje filosofisk, og kva vi gjer når vi filosoferer. Dei beskriv òg kva ein profesjonell filosof gjer.

Artikkel: Kva er filosofi?

Artikkel: Disiplinane i filosofien

Oppgåve: Lykke

Filosofi med Melsom og Moen: Kvifor treng vi filosofi?

Filosofane Kaja Melsom og Ole Martin Moen beskriv kvifor vi treng filosofi, og kvifor det er viktig å kunne tenkje filosofisk.

Oppgåve: Kvifor filosofi?

Filosofi med Melsom og Moen: Yndlingsfilosofen min

Filosofane Kaja Melsom og Ole Martin Moen fortel om yndlingsfilosofane sine, Jean-Paul Sartre og Jeremy Bentham. Dei beskriv kvifor filosofane var viktige, og korleis dei vart inspirerte av dei.

Oppgåver: På oppdagingsferd i filosofihistoria

Filosofihistoria

I denne filmen får vi ei kort oversikt over filosofihistoria. Du blir introdusert for nokre viktige filosofar som har hatt stor innverknad på filosofihistoria. Du får òg nokre døme på kva for filosofiske og eksistensielle spørsmål dei var opptekne av.

Oppgåver: På oppdagingsferd i filosofihistoria

Meininga med livet

Jonis Josef i podkaststudio. Foto.
Kva veit eg?

Meininga med livet

Professor i filosofi, Einar Duenger Bøhn, diskuterer spørsmålet: Kva er meininga med livet? Kva er forskjellen på å finne meining i livet og å finne meininga med livet? Kvifor er det viktig at vi prøv...

0:00
-0:00

Oppgåver til podkasten: Meininga med livet

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Filosofiske omgrep og tankemåtar