Hopp til innhald
Oppgåve

Lykke

Finst det eit fasitsvar på kva lykke er? Jobb aleine, i par og i gruppe for å undersøkje saka.

1 og 1

Kva er lykke?

Kvifor er akkurat dette kjenneteiknet på lykke? Grunngi svaret ditt

2 og 2

Diskuter det du har komme fram til med sidemannen. Forsøk å finne argument både for og mot svaret ditt.

4 og 4

Diskuter i grupper. Forsøk å finne fram til nokre felles kjenneteikn på lykke. Diskuter til slutt om det er mogleg å finne eit felles svar på kva lykke er for alle menneske på jorda?

Refleksjon

Kvifor var denne oppgåva eit døme på filosofi? Grunngi svaret.