Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv bullshit!

Nyheter på mobiltelefonen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje Harry G. Frankfurt er ein som pratar bullshit heilt likegyldig til om innhaldet er sant eller ikkje. Hensikta med bullshit er å skape ein ønskt effekt hos dei som mottek han.

  1. Finn minst to eigne døme på bullshit på nettet, til dømes ein reklame eller ei utsegn frå ein politikar, kjendis eller bedriftsleiar.
  2. Kva trur du er dei største farane med bullshit? Grunngi svaret.
  3. Ifølgje den norske filosofen Lars Fredrik Svendsen er ikkje sanning det viktigaste i ein del mellommenneskeleg kommunikasjon. Til dømes utvekslar vi ofte høflegheitsfraser der det ikkje er forventa at vi skal seie sanninga (Svendsen, 2008, s.28). Kan det av og til vere greit med bullshit? Gi konkrete døme.

Skriv bullshit!

Vel eitt aktuelt tema, til dømes klima eller bistand. På

svadagenerator.no

kan du få forslag til andre tema.

  1. Tenk deg at du er ein politikar eller bedriftsleiar som skal forsvare partiet ditt eller bedrifta di. Skriv to korte innlegg:

    1. Det første innlegget skal vere bullshit. Her skal du berre gi inntrykk av at du bryr deg om tema og vil gjere noko med det utan å bry deg om det du seier er sant eller ikkje. Bruk svadageneratoren til å formulere innlegget: svadagenerator.no
    2. Det andre innlegget skal vere sant. Du skal forsvare standpunktet til bedrifta di eller partiet ditt når det gjeld tema. Du skal grunngi argumenta dine ved hjelp av relevante opplysningar og fakta, og det skal vere ein logisk samanheng mellom argumenta.
  2. Skriv eit kort refleksjonsnotat. Kvifor er det viktig at det vi seier er sant, både når vi snakkar med dei rundt oss og når vi uttaler oss i media?

Relatert innhald

Kva er bullshit? Er vi ikkje opptekne av sanning lenger? Denne artikkelen tek føre seg filosofiske perspektiv på fenomenet bullshit.

Litteratur

Antonsen, P & Hjortland, O. (2018, 11 januar). Logikkinnføring #3: Bullshit. Logikksjekk.no. Hentet fra logikksjekk.no

Frankfurt, H. (2008). Om Bullshit. Oslo: Krakiel forlag

Svendsen, L.F.H. (2008). Innledning. I Frankfurt, H. Om Bullshit. Oslo: Krakiel forlag

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Filosofiske omgrep og tankemåtar