Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fundamentalteoremet i matematisk analyse

I oppgåvene nedanfor bruker vi fundamentalteoremet i matematisk analyse. Gjer oppgåvene utan hjelpemiddel.

AF-1

a) Rekn ut 12fxdx ut ifrå desse opplysningane:

  • f(x)=g'(x)

  • g1=32 ,    g2=72

Løysing

At f(x)=g'(x), betyr at gx er ein antiderivert av fx. Då får vi vidare at

12fxdx=gx12=g2-g1=72-32=2

b) Rekn ut 12fxdx ut ifrå desse opplysningane:

  • f(x)=g'(x)

  • gx=2x2-1

Løysing

12fxdx = gx12= 2x2-112= 2·22-1-2·12-1= 8-1-2+1= 6

AF-2

Grafen til ein ukjend funksjon g er teikna i eit koordinatsystem for x-verdiar mellom minus 1 og 4. Grafen kryssar x-aksen i 0 og 2. Grafen ligg over x-aksen frå x er lik minus 1 til 0 og frå x er lik 2 til x er lik 4. g av minus 1 er lik 3, g av 1 er lik minus 1, g av 3 er lik 3, og g av 4 er lik 8. Illustrasjon.

Funksjonen gx har definisjonsmengde Dg=[-1,4]. Grafen til g er teikna på biletet.

Ein annan funksjon f er slik at f(x)=g'(x).

a) Bruk informasjon frå biletet og at f(x)=g'(x), til å bestemme03fxdx.


Løysing

03fxdx=gx03=g3-g0=3-0=3

b) Kva skal den øvre integrasjonsgrensa b vere for at 0bfxdx=0?

Løysing

Dersom vi samanliknar med svaret over, får vi at

gb-g0 = 0gb = g0gb = 0

Vi må bruke det høgre nullpunktet, som betyr at b=2.

c) Kva skal den øvre integrasjonsgrensa b vere for at 0bfxdx skal bli størst mogleg? Rekn ut dette integralet.

Løysing

Vi har at

0bfxdx=gx0b=gb-g0

For at dette integralet skal vere så stort som mogleg, må gb vere så stor som mogleg. Den største verdien for g er 8, som betyr at b=4.

d) Kva skal integrasjonsgrensene a og b vere for at abfxdx skal bli størst mogleg? Rekn ut dette integralet.

Løysing

Vi har at

abfxdx=gxab=gb-ga

For at dette integralet skal vere så stort som mogleg, må gb vere så stor som mogleg og ga så liten som mogleg. Den største verdien for g er 8, som betyr at b=4. Den minste verdien for g er -1, som betyr at a=1.

Den største verdien for integralet blir derfor

g4-g1=8--1=9

e) Kva skal integrasjonsgrensene a og b vere for at abfxdx skal bli minst mogleg? Rekn ut dette integralet. Vi krev at b>a.

Løysing

For at integralet skal vere så lite som mogleg, må gb vere så liten som mogleg og ga så stor som mogleg. Sidan grafen til funksjonen g er søkkande i intervallet [-1,1], vil vi få minst verdi for integralet når vi integrerer mellom endepunkta i dette intervallet. Det betyr at a=-1 og b=1.

Den minste verdien for integralet blir derfor

g1-g-1=-1-3=-4

AF-3

Grafen til ein ukjend funksjon g er teikna i eit koordinatsystem for x-verdiar mellom minus 1 og 4. Grafen kryssar x-aksen i 0, 1 og 3. Grafen ligg over x-aksen frå x er lik 0 til x er lik 1 og frå x er lik 3 til x er lik 4. g av minus 1 er lik minus 8, g av 0,5 er lik 0,7, g av 2 er lik minus 2, og g av 4 er lik 12. Illustrasjon.

Funksjonen gx har definisjonsmengde Dg=[-1,4]. Grafen til g er teikna på biletet.

Ein annan funksjon f er slik at f(x)=g'(x).

a) Bruk informasjon frå biletet og at f(x)=g'(x), til å bestemme-10fxdx.


Løysing

-10fxdx=gx-10=g0-g-1=0--8=8

b) Forklar kvifor -1bfxdx ikkje kan vere negativt når b-1,4.

Løysing

-1bfxdx=gx-1b=gb-g-1

Sidan g-1 er absolutt minimum, vil gbg-1 for alle b-1,4. Då vil differansen gb-g00 for alle b-1,4.

c) Beskriv korleis -1bfxdx endrar seg når b-1,4.

Løysing

-1bfxdx=gx-1b=gb-g-1

Integralet er 0 når b=-1. Så aukar det i verdi til b=0,5 der g har eit toppunkt. Så minkar det til g har botnpunkt, det vil seie b2,2. Så aukar det igjen til det får den største verdien sin i det absolutte maksimumet til g der b=4.

d) Løys likninga -1bfxdx=6.

Løysing

Likninga gir

-1bfxdx = gx-1b=gb-g-1 = 6gb = 6+g-1= 6-8= -2

Ved å lese av på grafen får vi at løysinga er

b-0,4    b2,0    b2,5.

AF-4

Grafen til ein ukjend funksjon g er teikna i eit koordinatsystem for x-verdiar mellom minus 3 og 3. Grafen kryssar x-aksen i minus 2 og 2. Grafen ligg over x-aksen frå x er lik minus 3 til x er lik minus 2 og frå x er lik 2 til x er lik 3. g av minus 3 er lik g av 3 er lik 1, g av minus 1 er lik g av 1 er lik minus 1, og g av 0 er lik minus 2. Illustrasjon.

Funksjonen gx har definisjonsmengde Dg=[-3,3]. Grafen til g er teikna på biletet.

Ein annan funksjon f er slik at f(x)=g'(x).

a) Bruk informasjon frå biletet og at f(x)=g'(x), til å bestemme-31fxdx.


Løysing

-31fxdx=gx-31=g1-g-3=-1-1=-2

b) Løys likninga -3bfxdx=-1.

Løysing

Likninga gir

-3bfxdx = gx-3b=gb-g-3 = -1gb = -1+g-3= -1+1= 0

Ved å lese av på grafen får vi at løysinga er b=-2    b=2.

c) Forklar utan å rekne kvifor -3bfxdx aldri kan bli større enn 0.

Løysing

Vi har at

-3bfxdx=gx-3b=gb-g-3

Sidan det er ingen funksjonsverdiar for gx som er større enn funksjonsverdien g-3, kan ikkje integralet bli positivt.

d) Teikn forteiknslinje for -2bfxdx når b-3,3.

Løysing

-2bfxdx = gx-2b = gb-g-2= gb-0= gb

Integralet er større enn null dersom gb er større enn null, som betyr der grafen ligg over x-aksen. Det blir derfor som å teikne forteiknslinje for g.

Grafen til ein ukjend funksjon g er teikna i eit koordinatsystem for x-verdiar mellom minus 1 og 4. Grafen kryssar x-aksen i minus 2 og 2. Grafen ligg over x-aksen frå x er lik minus 3 til x er lik minus 2 og frå x er lik 2 til x er lik 3. g av minus 3 er lik g av 3 er lik 1, g av minus 1 er lik g av 1 er lik minus 1, og g av 0 er lik minus 2. Forteiknslinja til funksjonen er teikna nedanfor. Ho er heiltrekt frå x er lik minus 3 til x er lik minus 2, 0 for x er lik minus 2, stipla frå x er lik minus 2 til 2, null for x er lik 2 og heiltrekt frå x er lik 2 til x er lik 3. Illustrasjon.
CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2024

Læringsressursar

Bestemde og ubestemde integral