Å støype ein vase
I denne oppgåva skal du lage ein liten vase i keramikk. Du skal gjennomføre ein prosess frå idé til ferdig produkt. Materiala du skal bruke er kvitleire, flytande støypeleire og gips.
Arbeidsform: Individuell
Tid: ca. 8 skuletimar
Prosess:
- Skisseprosess: bruk tid på å finne ei enkel og fin form til ein liten vase. For å slippe å dele gipsforma i fleire deler, må du tenke på at forma kun skal ha konvekse former. Det vil seie at kurvene krummar seg utover. (Sjå illustrasjonen til høgre)
- Lage forma i kvitleire; ta utgangspunkt i skissa di og bygg opp den ytre forma i kvitleire. Du skal ikkje tenke på at vasen skal vere hol, ettersom dette berre er ei form som du skal bruke til å ha gips over.
- Lag gipsform; ta forma du har laga av vasen din og ha den ned i eit beger eller liknande. Lag gipsmasse og hell ned i begeret.
- Støype med flytande leire; når gipsforma er tørka kan du støype sjølve vasen. (Følg prosessen som du finn i lenkene under.)
Relatert innhald
Vurdering av ferdig produkt:
- Skisseprosess
- Form og dekor
- Gjennomføring
- Orden på arbeidsplassen
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2018