Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Keramikk i kulturen sine fotspor

I denne oppgåva skal du utforske handverksprodukt frå ulike kulturar. Deretter skal du lage eit produkt med pølseteknikk, der du hentar inspirasjon til designet frå eitt eller fleire kulturhandverk.
Til læraren

Elevane bør introduserast for kulturuttrykk i tradisjonshandverk i forkant av oppgåva. Dersom det er mogleg, kan elevane besøkje ei relevant utstilling.

Det kan òg vere ein god idé å utforske korleis handverkarar og designarar kan bruke kulturhandverk innovativt i moderne design. Aktuelle ressursar frå NDLA:

Ei form blir bygt opp ved hjelp av pølseteknikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuing til oppgåva

Prøvar av hank og dekor i keramikk som ligg på eit bord. Foto.
  • Øv deg i bruken av pølseteknikk (sjå video).

  • Eksperimenter med ulike keramiske dekorteknikkar.

Oppgåve

Del 1: Inspirasjon

Blå og kvit kinesisk vase med dragedekor. Foto.
  1. Hent inspirasjon frå handverksprodukt frå ulike kulturar. Dette kan du finne i omgivnadene dine, utstillingar, bøker og internett.

  2. Studer og utforsk inspirasjonskjeldene dine gjennom skisser. Legg vekt på det du liker i kulturhandverket.

Del 2: Idéutvikling og planlegging

Kvit vase med blå blekksprutar i plastelina. Foto.
  1. Utforsk designidéar gjennom skisser, og eksperimenter med ulike løysingar i leire.

  2. Vel ein av designidéane og jobb med å vidareutvikle denne. Utforsk:

  • teknikkar

  • former

  • funksjon

  • fargar

  • dekor

  • komposisjon

Tenk gjennom korleis du kan skape eit godt samspel mellom inspirasjonsmaterialet og dine eigne idéar.

Del 3: Rettlei kvarandre

Hovud rundt ei lyspære. Illustrasjon.

Del idéar og hjelp kvarandre med å utvikle produktet. Diskuter òg korleis inspirasjonskjeldene blir nytta i designet.

Del 4: Gjennomføring

  1. Basert på det endelege designet ditt lagar du produktet med pølseteknikk.

  2. Dekorer produktet.

Del 5: Vurdering

Vurder arbeidsprosessen og produktet ditt:

  • Korleis kan vi sjå inspirasjonen frå eit kulturhandverk i produktet ditt?

  • Korleis har du utforma produktet med tanke på den funksjonen det skal ha?

  • Forklar korleis du har jobba med komposisjon, og korleis du har brukt former, fargar og visuelle uttrykk.

  • Korleis er kvaliteten på handverket ditt?

Relatert innhald

Pølseteknikk er ein teknikk der du rullar pølser av leire som du legg og festar oppå kvarandre for å lage ei ståande form, ofte ein vase.

CC BY-SASkrive av Åsne Raaen Solheim.
Sist fagleg oppdatert 18.04.2021

Læringsressursar

Keramiske teknikkar