Kultur som utgangspunkt for nyskaping

Inspirasjon
Vi kan finne inspirasjon i naturen og frå miljøet rundt oss. Kulturhistorie kan inspirere oss, òg til å lage moderne uttrykk. Bevisst eller ubevisst tek vi med oss bakgrunnen vår inn i skapande arbeid.
Tenk over
Kva inspirerer deg når du skal skape noko nytt?
Ofte blir vi meir kreative når vi jobbar saman med andre. Då kan vi få fleire impulsar og kan hjelpe kvarandre til å finne gode idear og løysingar. Vi kan òg bli inspirerte av korleis andre jobbar, til dømes av korleis Ramona Irene Salo Myrseth bruker kulturen sin som utgangspunkt for nyskaping.
Ramona Irene Salo Myrseth
Ramona Irene Salo Myrseth er ein ung designar som bruker samisk kultur i nye uttrykk. Ho er oppteken av økologi, berekraft og identitet. Fagområdet hennar er tekstil. Ho arbeider med tradisjonelt handverk på nye måtar, men bruker òg ny teknologi.
Salo Myrseth har teke master ved Kunsthøgskolen i Oslo. Avgangskolleksjonen hennar, «Den samiske halvtimen» (2018), handla om å formidle samisk kultur på ein ny og inkluderande måte. Etter dette fekk ho DOGA-merket for årets nykomar. Juryen skreiv om Salo Myrseth:
Med eventyrlyst og dyp kjærlighet dykket hun ned i den samiske kulturen og skapte en kleskolleksjon med et personleg uttrykk som redefinerer det vi tenker på som «samisk», samtidig som den er tro mot røttene.
Sjølv seier Salo Myrseth at det var viktig for henne å fordjupe seg i noko som står hjartet hennar nær. «Samisk design har så mykje spennande å by på, berre tenk på tradisjonane og materiala», uttaler ho i eit intervju med kulturmediet Subjekt. Ho ønskjer å vise at samisk kultur er mykje meir enn den førestillinga som er skapt gjennom turisme og enkelte medium. Kulturen er rik, variert og i stadig utvikling. Ho seier at det kulturelle samiske feltet både er moderne og kult, og at det er god plass til mangfald i kulturen.
Film: Ramona Irene Salo Myrseth: Tekstilkunstner, kles- & motedesigner
I filmen under (lengde 7:16) får vi sjå korleis Myrseth bruker kulturarv som utgangspunkt for nyskaping.
Tenk over og svar på oppgåvene
Korleis beskriv Myrseth at konflikten mellom det norske og samiske har gjort at ho er ein del av to kulturar?
Korleis finn ho inspirasjon til arbeida sine, og korleis bruker ho det samiske handverket som inspirasjon?
Kva slags kulturar pregar identiteten din? Korleis kan du bruke dette i eige skapande arbeid?
Kva utfordringar ser Myrseth at moteindustrien har med tanke på berekraft? Kva gjer ho sjølv for å drive berekraftig?
Korleis jobbar ho med funksjonalitet og estetikk?
Til slutt i filmen seier Myrseth at ho er redd for skuldingar om kulturell appropriasjon. Finn ut kva det betyr, i artikkelen "Kulturell appropriasjon". Kva synest du om den nyskapande måten Myrseth formidlar samisk kultur på?
Diskuter
Drøft svara med sidemannen din, før de diskuterer temaet felles i klassen.