Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Kva ligg i kulturomgrepet? Korleis heng kultur og identitet saman, og korleis kan kultur vere utgangspunkt for nyskaping?
I dette emnet ser vi på meister–lærling-tradisjonen, på berekraftsperspektivet og på dilemma som kan oppstå i spennet mellom tradisjon og nyskaping.
Duodji er det tradisjonelle, samiske handverket og kunsthandverket. Ein del av samisk kulturarv er å skape eigne uttrykk i naturmateriale.