Oppgåve
Video
Åkletradisjonen som utgangspunkt for nyskaping
Åkle betyr sengeteppe, men dei vovne teppa vart òg brukte som pynt og isolering på vegger. Dei vakre mønstera kan inspirere oss til nyskaping. I denne oppgåva skal du bruke dekoren på ein ny måte i eit sjølvvalt produkt.
Åkle
Ordet åkle kjem av det norrøne áklæði og betyr sengeteppe. Tekstilane vart brukte både som dekor og varmeisolasjon. I Noreg går åkletradsjonen heilt tilbake til mellomalderen. Bruk av mønster og teknikkar kunne variere frå stad til stad.
Inspirasjon frå åkle-mønster blir brukt i nye samanhengar
I i filmen under (lengde 3:59) beskriv Siv Elise Seland frå iiS Woodling korleis ho har brukt åkletradisjonen som inspirasjon i design av klede.
Video: Siv Elise Seland / CC BY-NC-ND 4.0
Lag eit produkt der du bruker dekor frå eit åkle-mønster
Du vel sjølv kva slags produkt du vil lage og kva materiale og teknikkar du vil jobbe med.
Del 1: Inspirasjon og idéutvikling
- Set deg inn i åkletradisjonen og finn bilete av åkle som inspirerer deg. Lag ein kollasj eller eit moodboard der du presenterer eit utval åkle.
- Plukk ut ornament, bord eller flatemønster som du vil bruke i ein ny samanheng.
- Teikn idéskisser til korleis du kan bruke dekor frå åkletradisjonen på nye bruksområde. Vel om du vil jobbe digitalt eller for hand, eller om du vil kombinere dette.
Del 2: Produktutvikling
- Vel kva slags dekor du vil gå vidare med og kva produkt du vil lage. Dersom du ønskjer ei bestemd målgruppe for produktet ditt, noterer du kva som kjenneteiknar denne.
- Jobb først med form og funksjon, før du bruker dekor som ein del av det estetiske uttrykket. Lag fleire skisser og eksperimenter med fargeval.
- Lag presentasjonsskisse og arbeidsteikningar i målestokk, der du planlegg produksjonen av produktet.
Del 3: Presentasjon
Presenter idéutviklinga og korleis du ser for deg det ferdige produktet. Vurder eige arbeid og produkt.
Innlevering:
- kollasj eller moodboard
- idéskisser
- arbeidsteikningar og presentasjonsskisse
Relatert innhald
Mønster
Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.

