Pølseteknikk - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Pølseteknikk

Du kan bygge opp ei ståande form ved å rulle pølser av leire og feste dei oppå kvarandre. Her lærer du korleis du kan bruke pølseteknikk til å lage ein vase, og korleis du kan lage slikkar til samanføyingane.

Instruksjonsfilm

I filmen under (lengde 8:58) lærer Åsne Raaen Solheim deg korleis du kan bygge opp ei form ved hjelp av pølseteknikk trinn for trinn.

Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0

Du kan bygge opp alle slags former ved hjelp av pølseteknikk. For å lage ein vase kan du kjevle og skjere ut ein botn og legge cirka tre pølser jamt oppå kvarandre. Etterpå dreg du leira frå dei ulike delane saman. Støtt med hendene mens du arbeider med å få leira til å henge saman. Deretter kan du legge på nye pølser og jobbe vidare oppover. Dersom du skal bygge opp større former, kan det vere lurt å la leira tørke litt og bli stødigare før du legg på fleire pølser.

Slikkar

Slikkar er flytande leire som blir brukt til å lime saman delar av fuktig eller lêrhard leire. I filmen under (lengde 1:09) lærer du korleis du kan lage slikkar ved å knuse tørr leire og løyse ho opp i vatn.

I filmen viser Åsne Raaen Solheim korleis du kan lage slikkar på ein enkel måte. Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0

Pølseteknikk i samtidskeramikk

Bileta nedanfor viser korleis to britiske kunstnarar har brukt pølseteknikk til å bygge opp klassiske former. Grayson Perry har laga vasen til venstre og dekorert han med illustrasjonar, tekst og symbol. Magdalene Odundo har bygd opp vasen til høgre og lagt til dekorative element.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Keramikk i kulturen sine fotspor

Utforsk handverksprodukt frå ulike kulturar. Bruk inspirasjonen til å lage eit produkt med pølseteknikk.

Oppgåver og aktivitetar
Vase i pølse- eller plateteknikk

Lag ein vase i kvit leire, og vel om du vil byggje opp forma ved hjelp av pølse- eller plateteknikk. Eksperimenter med tekstur, og dekorer overflata.

Skrive av Åsne Raaen Solheim og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2024