Læringssti
Introduksjon
Leire er eit spennande materiale som du kan lage mange og ulike produkt i. Her vil du bli kjend med korleis du kan bruke flytande leire. Du vil få innblikk i korleis du lagar ei gipsform, korleis du blandar leire og korleis du støyper ferdige produkt. Til slutt er det lagt inn ei praktisk oppgåve.
Læringsmål:
- Du skal bli kjend med to ulike materiale.
- Du skal få kunnskap om det å støype i leire.
- Du skal arbeide med ein prosess frå idé til ferdig produkt, i to ulike materiale.