Skrinet med det rare i


Del 1: Utforsking av tekstur og overflate
Overflateverknaden til eit materiale kallast tekstur. Ein tekstur kan til dømes vere glatt, ru, hårete eller piggete.
Du skal utforske ulike teknikkar for å lage tekstur i leire.
- Lag minst ti fliser i storleiken 8 x 8 cm.
- Prøv ut korleis teksturen kan brukast som dekor. Finn ulike gjenstandar og reiskapar. Bruk dei til å trykkje, eller risse i flisene, slik at alle får ulik tekstur.
- Etter råbrann kan de eksperimentere med korleis oksid og glasur kan framheve teksturane.
Del 2: Designprosessen
Gå gjennom dei ulike fasane i designprosessen når du skal designe skrinet ditt.
Idéutvikling
- Hent inspirasjon og idéar frå bøker, internett og andre stader som inspirerer deg.
- Lag fleire skisseutkast til eigne skrin. Overflata på skrinet skal ha tekstur. Bruk kunnskapen du har fått frå utforskinga i del 1. La skissene òg vise idéar til ulike overflater.

Planlegging
- Vel ei av skissene og lag detaljerte arbeidsteikningar med mål.
- Lag malar i målestokk 1:1 av papir eller papp for alle dei ulike delane av skrinet.
Finn ut kva du treng av utstyr for å lage skrinet.
Ha alt tilgjengeleg før du startar.
Instruksjonsfilm (lengde 8:03)
Åsne Raaen Solheim gir deg ei trinnvis forklaring på korleis du kan lage ein boks i leire.

Gjennomføring
- Kjevl ut ein stor leiv / plate i leire. Bruk pinnar for å få lik tjukkleik på plata.
- Skjer ut alle dei ulike delane og la dei tørke til dei er lêrharde.
- Vurder om det er best å jobbe med teksturen på dei enkelte platene før du set dei saman, eller om du skal tilføre teksturen når skrinet er ferdig montert.
Bruk slikkar til å feste alle delane saman og byggje skrinet.
Slikkar
Slikkar er flytande leire som blir brukt til å lime saman delar av fuktig eller lêrhard leire. I filmen under (lengde 1:09) lærer du korleis du kan lage slikkar ved å knuse tørr leire og løyse ho opp i vatn.
Vurdering
Vurder din eigen arbeidsprosess:
- Kva har fungert bra?
- Har noko vore utfordrande?
Vurder produktet ditt:
- Korleis synest du skrinet ditt fungerer med tanke på gjenstandane det skal ta vare på?
- Er det noko som kunne vore gjort på andre måtar for å få produktet ditt til å fungere betre?

Innlevering:
- Fliser med utprøvingar av tekstur
- Skisser og arbeidsteikning
- Prosesskildring og eigenvurdering
- Ferdig skrin
Relatert innhald
Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt eller ei teneste. I denne prosessen går vi gjennom ulike fasar.
Du kan kjevle ut plater i leire og forme dei rundt eit objekt, eller du kan setje platene saman til nye former.