Designprosessen - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Designprosessen

Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt eller ei teneste. I denne arbeidsprosessen går vi gjennom ulike fasar. Ein god modell blir delt inn i: idéutvikling, planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Designarbeidet startar med ein idé eller eit oppdrag. I filmen får du innblikk i korleis industridesignarar kan jobbe med dette. Først avklarar dei rammene for oppdraget. Etterpå kan arbeidet delast inn i fire fasar:

  1. Innsikt:

    Dei ser på eksisterande produkt for å lære om ulike konstruksjonar og materialval.

  2. Idé:

    Dei lagar skisser til ulike løysingar på form og funksjon, både 2- og 3-dimensjonalt.

  3. Konsept:

    Her utviklar dei produktet ved hjelp av arbeidsteikningar og prototypar. Dei testar prototypane og forbetrar dei til dei finn eit resultat dei er nøgde med.

  4. Ferdigstilling:

    Her blir alle detaljar gjort ferdige, slik at vara kan produserast.

Designprosessen

Analyser oppdraget eller ideen

Å designe er ein problemløysande prosess. Anten du skal lage eit produkt som skal masseproduserast eller eit handverk, bør du starte med å analysere oppdraget eller ideen din. Du må vurdere kva for eigenskapar produktet skal ha og kven som skal bruke det. Når det gjeld bruksgjenstandar må du ta omsyn til ergonomi. Det vil seie at bruken må vere tilpassa menneskekroppen. Ein stol må til dømes vere god å sitje i. Omsyn til miljøet og kor mykje tid og pengar du har til rådigheit, påverkar også korleis du kan løyse oppgåva.

Eksperimenter og planlegg gjennomføringa

Under arbeidet lagar du skisser og modellar. Her bør du eksperimentere med ulike materiale, former, fargar og dekor. Etter kvart kjem du så langt at du kan utarbeide nøyaktige arbeidsteikningar. Då kan du lage produktet, teste det og til slutt presentere det for kjøparar eller brukarar.

Dokumenter

Arbeidsprosessen blir heile vegen frå ide til ferdig produkt. Ta vare på skisser, notat og utprøvingar og ta mange bilete undervegs. Dette samlar du til dokumentasjonen din. Her må du konkretisere og grunngi ideen din, forklare korleis du har jobba og kva for val og vurderingar du har gjort.

Modell for designprosessen

Det gjeld å halde styr på tankane og ideane for å sikre at produktet blir så bra som mogleg. Det er vanleg å framstille designprosessen som ein sirkel. Modellen under kan hjelpe deg i designarbeidet. Her viser vi korleis tekstildesignarar har jobba i utviklinga av stolen Wave chair.

I ein god designprosess jobbar du heile tida med å forbetre elementa produktet består av. Vi blir sjeldan heilt ferdige med eit enkeltelement i prosessen. Vi vender stadig attende og gjer forbetringar ut frå nye erfaringar og innsikt som vi har fått undervegs. Slik gjentek sirkelen seg.

Skrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 19.11.2019