Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Å kjevle leire

Lær korleis du bør kjevle leire i fleire retningar. Det kan vere lurt å bruke eit stoff å kjevle på. Då unngår du at leira festar seg til underlaget, og det er lettare å snu leireplata. Bruk gjerne to like pinnar for å få ei jamn tjukn på plata.

Instruksjonsfilm

I filmen under (lengde 1:34) viser Åsne Raaen Solheim korleis du bør kjevle leire.

Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0
Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 22.09.2025