Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Dyreskulptur

I denne oppgåva skal du lage ein skulptur av eit dyr. Skulpturen skal ha ei tredimensjonal form som fungerer frå alle vinklar. Du skal òg utforske korleis du kan skape ein verknadsfull dekor og tekstur.
Ein stor og to små reveskulpturar i keramikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Inspirasjon og forarbeid

Raudrev i grønt landskap. Foto.
  1. Innhent inspirasjon ved å sjå på dyr og skulpturar. Lag eit moodboard.

  2. Vel kva dyr du vil ta utgangspunkt i, og utforsk kva slags stilling du vil at dyret skal ha.

  3. Fotografer eller finn bilete av dyret frå ulike vinklar, slik at du får tilstrekkeleg informasjon om forma til dyret til å lage ein tredimensjonal skulptur.

  4. Studer forma til dyret ved å lage raske skisser frå ulike vinklar.

Revar sett frå ulike vinklar. Blyantskisse.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Eksperimentering

Lag prøvar i leire der du utforskar teksturar og dekorteknikkar. Du kan òg lage ein rask liten modell av skulpturen du vil lage.

Prøvar med ulik glasur og to små reveskulpturar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Planlegging

Lag ein plan for korleis du skal lage skulpturen og løyse tekniske utfordringar.

Del 4: Gjennomføring

  1. Modeller skulpturen. Hugs at du skal forme ulike element, slik som auge og lepper. Ikkje teikn dei på leira.

  2. Jobb mot å skape ein skulptur som fungerer frå alle vinklar.

Leireklump blir omarbeidd til ein reveskulptur. Tre foto i serie.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss skulpturen er tjukkare enn 2 cm, bør han vere hol inni med eit lite lufthol gjennom leireveggen. Det kan du gjere ved å skrape ut eit holrom når figuren er lêrhard eller byrje med å forme figuren rundt ein ball med avispapir

  1. Dekorer skulpturen.

Del 5: Vurdering

Vurder din eigen arbeidsprosess og det ferdige produktet:

  • Korleis har du utforska forma til dyret?

  • Korleis har du jobba med keramiske teknikkar?

  • Korleis har du eksperimentert målretta for å oppnå den forma, overflata, fargane og uttrykket som du ønskte?

  • Korleis fungerer forma og overflata av produktet sett frå ulike vinklar?

Hunde- og katteskulptur i keramikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innlevering

  • moodboard

  • skisser

  • utprøvingar

  • ferdig skulptur

  • eigenvurdering

Kermikksau. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Modellering vil seie å forme leire med hendene eller ulike verktøy for å lage former og skulpturar.

CC BY-SASkrive av Åsne Raaen Solheim.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021

Læringsressursar

Keramiske teknikkar