Lyshus i keramikk - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lyshus i keramikk

I denne oppgåva skal du designe og lage ditt eige lyshus i keramikk. Bruk skisser og modell når du planlegg produktet. Lyshuset skal lagast i plateteknikk og glaserast etter brenning.

Rammer for oppgåva:

  • Taket på lyshuset må vere skrått.
  • Ei lengde må vere minst 15 cm og maks 30 cm.
  • Det skal vere mogleg å setje eit lys inni huset.

Designprosess

Inspirasjon

  • Søk på lyshus og diskuter korleis de synest ulike design fungerer.
  • Undersøk ulike former for arkitektur og la deg inspirere.

Idéutvikling

  • Teikn raske idéskisser til ditt eige design på lyshus.
    Hugs at idéskisser handlar om å få idéar ned på papiret som eit notat, slik at du kan hugse og vidareutvikle idéane dine, og dessutan vise og diskutere dei med lærar og medelevar.
  • Vel den beste idéen, og jobb med å vidareutvikle han. Eksperimenter med forma og plassering av vindauge på lyshuset.

Planlegging

  • Lag ein nøyaktig modell ved å skjere ut delane i tjukt papir. Lim dei saman med maskeringtape, og vurder om du treng å gjere nokre justeringar på forma og plasseringa av vindauge. Test ut korleis modellen fungerer med lys inni, i eit mørkt rom. Ta bilete av modellen.

Gjennomføring

  • Lag lyshuset i keramikk ved hjelp av plateteknikk. Kjevl ut plater i kvitt leirgods med chamotte i om lag 5 mm tjukkleik. Her kan du leggje 5 mm tjukke pinnar under kvar ytterkant av kjevla for å sjå til at leira får ein jamn tjukkleik. Malen legg du oppå leira, slik at du kan skjere ut veggar og vindauge. Det er viktig å halde leira fuktig ved å spraye ho med vatn, dekkje han med eit lag med fuktig avispapir og pakke ho inn i plast mellom kvar gong du jobbar med ho. Når alle veggar er skorne ut, blir dei sette saman ved å rispe opp skøyta og bruke slikkar (rennande leire) som lim. Tilpass taket til forma i huset, og monter det. Til slutt er det viktig å setje av tid til å jamne ut overflater og skøytar, før huset blir brent og blir glasert.

Her får du rettleiing i korleis du kan setje saman delane. Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0
  • Glaser lyshuset.
  • Ta eit godt bilete av lyshuset med lys inni.

Eigenvurdering

  • Vurder arbeidsprosessen din og produktet ditt.

Innlevering

  • lyshuset
  • bilete av modell og av det ferdige lyshuset med lys inni
  • eigenvurdering
Skrive av Åsne Raaen Solheim.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020