Hopp til innhald

Fagstoff

Støype i leire

Å støype i leire er ein spennande og lærerik prosess som kan gi mange ulike og kreative resultat. Du kan støype alt frå bruksformer til skulpturar. Korleis denne prosessen kan gjennomførast er litt opp til vanskegraden du ynskjer.
To kvite keramikkmugger med dekor i blåtonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Former

Når du skal støype i leire kan du bruke allereie ferdige former, eller du kan lage former sjølv. Vel du å lage former sjølv, kan du anten lage ei avstøyping av ein gjenstand du har eller bygge opp nye former frå botnen av. Gips er det mest vanlege materialet å bruke til slike former.

Kopp med hank i leire som står til tørk opp ned.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flytande leire

Det som er spesielt med den flytande leira, er at når du heller ho i ei gipsform så startar ein tørkeprosess. Du må fylgje med på dette stadiet, for den størkna kanten skal ikkje vere meir enn på ca 3 millimeter (tjukna på gjenstanden du lagar). Når du har oppnådd den ynskte tjukna, tømmer du ut resten av den flytande leira, og set forma skrått opp ned.

Resten av tørkeprosessen vil ha lik framgang som med vanleg leire. Det vil seie at når produktet er blitt lêrhardt kan du lage dekor og måle med begitting. Deretter kjem tørking og dei ulike brannane.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 26.07.2021

Læringsressursar

Keramiske teknikkar