Hopp til innhald

Fagstoff

Støyping av leire i gipsform

Når du har laga ei gipsform som du kan støype leire i, er det på tide å blande leire og gjennomføre støypeprosessen. Dette er ein enkel prosess som gir veldig fine produkt. Det er arbeidet med sjølve gipsforma som er med på å bestemme korleis produktet blir.
Fire bilete som viser gangen i ein støypeprosess med flytande steingodsleire. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

HMT

Leira som er brukt i denne oppgåva, er S-20 støypeleire av steingods i pulverform. Når leira skal blandast, må det vere ein vaksen person over 18 år til stades, og det er viktig å bruke støvmaske.

Framgangsmåte støypeleire

Eksempel på blandingsforhold: Til 5 kilo pulverleire skal du tilsetje 14 gram flytemiddel og 2,2 liter vatn.

  • Ha ei stor bøtte med lokk til å lage blandinga i.
  • Ha riktig mengd vatn i bøtta, tilset flytemiddelet og bland saman.
  • Tilset leirepulveret og rør godt. Du kan godt sikte pulveret i ei fin sikt.
  • Leira bør stå eit par døgn før du tek henne i bruk. Rør i leireblandinga innimellom.
  • Rør i leira før bruk.

Produksjon av støypegods

Utstyr: Ferdig tørka gipsform, ferdigblanda støypeleire, svamp, kniv og noko å støtte forma til (til dømes ein pinne)

  • Hell den ferdigblanda støypeleira i den tørka gipsforma, og lat ho vere i forma i om lag 20 minutt. Du kan sjekke kor tjukk forma blir ved å skjere vekk med kniv i overkant av støypemassen. Om lag 3 millimeter er høveleg tjukkleik, men dette kan du bestemme sjølv.
  • Når forma har fått tjukkleiken du ønskjer, heller du den rennande støypeleira ut av forma og ned i bøtta.
  • Set forma opp ned med ein pinne under (litt på skrå), slik at støypegodset får jamn tjukkleik.
  • Snu forma når leira har rent ut, og skjer rein støypekanten oppe med ein kniv.
  • Du kan ta leireforma ut av gipsen når ho har tørka ein del og slepper kanten i gipsforma.
  • Ordne kanten på forma til dømes med ein fuktig svamp, og legg eventuelt til former, til dømes ein hank.
  • Set forma til tørking.
  • Bruk eventuelt begitting, oksydar og glasur til dekorasjon som er tilpassa steingodsleire.
  • Set råbrann ved om lag 980°C og glasurbrann mellom 1200°C og 1280°C.
Tre bilete som viser form og kopp laga av støypeleire. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust og Inger Marie Osmundsvåg.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2019

Læringsressursar

Keramiske teknikkar