Telyshaldar
- Finn ein sylinder i passande storleik, til dømes ein sprayboks. Dekk han med eit lag avispapir.
- Lag ein mal av papir. Pass på at malen overlappar sylinderen med om lag 1 cm.
- Kjevle ut ei tynn plate med leire.
Kjevle inn eller skjer ut eventuell dekor. Spray leira forsiktig med vatn viss du bruker mykje tid. Det er viktig at du held leira fuktig slik at ho er plastisk nok til å bøyast rundt sylinderen.
Skjer ut malen og jamn ut kantane.
- Riss opp og påfør slikkar der endane skal limast saman.
- Rull leirplata rundt sylinderen, og fest endane saman ved å forsiktig trykkje dei mot bordplata. Jamn ut skøyten med ein fuktig mjuk pensel.
- Set sylinderen oppå leirplata, marker omrisset og skjer ut.
- Riss opp, påfør slikkar, og fest botnen til sylinderen.
- Ta sylinderforma og avispapiret ut av telyshaldaren.
Jamn ut dei resterande skøytane med ein fuktig pensel, og signer produktet ditt.
Etter råbrann blir telyshaldaren dyppa i blank glasur og brend i glasurbrann.
Teknikken kan òg brukast til å lage andre former som vasar, koppar og eggeglas.
Bruk den same teknikken som ovanfor, men lag dekor ved å presse botaniske materiale inn i leira. Skjer ut hol som slepper lyset ut av telyshaldaren.
Førebuing
Gå ut og samle inn strå, blomar, kvistar og blad.
Kjevle ut eit tynt lag med leire – eksperimenter med å presse ulike botaniske materiale inn i leira, og utforsk kvar og korleis du vil lage hol i leira.
Vel ut kva materiale du vil bruke, og korleis du vil lage hol for å skape ønskt dekor.
Produksjon av telyshaldaren
Følg framgangsmåten under teknikk. I punkt 4 kjevlar du inn botanisk materiale og pressar ut hol.
Skriv ei vurdering av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet ditt:
Korleis har du jobba med eksperimentering?
Korleis har du brukt tekstur til å skape dekor på telyshaldaren?
Kva synest du om det estetiske uttrykket?
Korleis er kvaliteten på handverket i arbeidet ditt?
Har du bidrege til å halde orden på verkstaden?
utprøvingar
telyshaldar(ar)
eigenvurdering av arbeidsprosessen og produktet ditt