Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Fat med fuglemotiv

I denne oppgåva skal du lære å lage eit fat med eit fuglemotiv. Forma og teksturen til fuglen skaper du ved å presse ulike materiale inn i leira.

Førebuing

  • Finn materiale som du kan bruke til å presse tekstur inn i leira. Dette kan vere bobleplast, blonder, blad, skosolar, myntar eller liknande. Utforsk korleis du kan skape ulike teksturar.

  • Finn ein tallerken med ønskt storleik og form.

  • Dekk tallerkenen med plastfolie.

  • Eksperimenter med korleis du kan plassere dei ulike elementa saman for å skape ei fugleform. Ta bilete av ulike dekorforslag.

Eit fat, kniv og leire med blonder og planter som dannar fugledekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produksjon av fatet

  1. Kjevle ut leira på eit lerret og legg det på eit brett.

  2. Legg tallerkenen opp-ned oppå leira.

  3. Dra ein kniv langs kanten av tallerkenen for å skjere leira i ein jamn sirkel.

Skjering av keramikkfat med tallerken oppå utkjevla leire. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Ta av tallerkenen, jamn ut leirekantane og legg tallerkenen tilbake.

  2. Snu tallerkenen, leira og brettet i éi rørsle.

  3. Fjern brettet.

  4. Press leira varsamt ned mot tallerkenen med ein fuktig, mjuk svamp, slik at leira får forma til tallerkenen.

  5. Jamn ut kantane i leira med ein mjuk, fuktig svamp.

  6. Plasser dei ulike elementa på leira og press dei ned slik at dei etterlèt ein tekstur i leira og skaper eit fuglemotiv.

Leirefat med tekstur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Når leirefatet er ferdig, lèt du det tørke i den plastfoliedekte tallerkenen. Legg til dømes ein plastpose over, slik at det tørkar langsamt.

  2. Når fatet er tørt, brenn du det på råbrann.

Dekorasjon av fatet

Keramikkfat der oksid forsterkar fugledekoren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fatet kan dekorerast med underglasur, begitting, glasur eller oksid. Når fatet har tekstur, kan det gi ein vakker effekt å måle teksturområdet og deretter vaske det bort med ein fuktig svamp. Då vil fargane bli liggjande igjen inni teksturen og framheve han.

Framgangsmåte

  1. Påfør ønskt oksid med ein pensel, slik at oksidet legg seg nedi fordjupingane i overflata.

  2. Oksid blanda med vatn blir pensla på eit kvitt keramikkfat. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  3. Vask bort overflødig oksid, slik at det blir meir oksid liggjande inni sprekkane på teksturen.

  4. Overflødig mørk oksid bli vaska bort med ein gul svamp frå eit lyst keramikkfat. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
    Fuglefat dekorert med oksid før brenning. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  5. Brenn fatet på råbrann. Det bruker å stå på pakninga av leira kva temperatur råbrannen skal ha.

  6. Fuglefat dekorert med oksid i blått, grønt og oransje etter brenning. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  7. Ved å påføre blank glasur, vil fargane i oksida bli klarare og kome tydelegare fram. Dersom du har på glasur, brenn de fatet på nytt på den temperaturen som står på glasuren. Glasur blir brend på høgare temperatur enn råbrann.

Eigenvurdering

Skriv ei vurdering av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet ditt:

  • Korleis har du jobba med eksperimentering?

  • Korleis har du brukt tekstur til å skape eit fuglemotiv på fatet?

  • Kva synest du om det estetiske uttrykket?

  • Korleis er kvaliteten på handverket i arbeidet ditt?

Innlevering

  • utprøvingar

  • fat

  • eigenvurdering av arbeidsprosessen og produktet ditt

CC BY-SASkrive av Åsne Raaen Solheim og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Keramiske teknikkar