Hopp til innhald

Fagstoff

Støyping av gipsformer

Når du skal støype med flytande leire, må du fyrst lage ei form til å støype i. Gips er eit godt materiale til å lage ei slik avstøyping med. Nedanfor kan du sjå gangen i ein slik prosess.
Tre bilete som viser korleis ein kan lage ei gipsform ut frå eit anna produkt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr:

  • målereiskap (vekt/litermål)

  • bøtte til å blande gips i

  • form til å støype i (kraftig pappbeger)

  • ein gjenstand til å lage avstøyping av

Når du skal lage avstøyping av ei form, er det viktig at forma er glatt utvendig. Du må tenkje deg at ein skal kunne trekkje forma opp av gipsforma når ho har stivna. Det er ikkje lurt å bruke glas – bruk heller plast. På bileta som viser det ferdige produktet i denne oppgåva, er forma dreidd på førehand.

Framgangsmåte gipsform:

  • Set forma du vil lage avstøyping av, med opninga ned i eit kraftig pappbeger, og fest henne ved å leggje eit tynt lag med leire rundt.
  • Ha temperert vatn i ei bøtte og tilset gips omtrent i forholdet 1:2 (dette kjem litt an på gipstypen).
  • Jobb godt med å røre ut blandinga jamt, og få vekk alle gipsklumpane. Blandinga skal ha ein litt tjukk "fløytekonsistens" når ho er ferdig. Når gipsen først byrjar å stivne, er det viktig å jobbe raskt.
  • Hell gipsen over i støypeforma til han dekkjer forma som står der. Slå litt på forma nokre gonger slik at du får ut eventuelle luftbobler.
  • Når gipsen har stivna, tek du vekk pappbegeret, og så tek du ut forma som du har laga avstøyping av. Det er viktig å fjerne forma tidleg for då slepper gipsen forma lettare.
  • Gipsforma må vere heilt tørr før den kan takast i bruk.
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust og Inger Marie Osmundsvåg.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2017

Læringsressursar

Keramiske teknikkar