Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Å støype ein vase

I denne oppgåva skal du lage ein liten vase i keramikk. Du skal gjennomføre ein prosess frå idé til ferdig produkt. Materiala du skal bruke er kvitleire, flytande støypeleire og gips.
Kvit keramikkvase. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsform: Individuell

Tid: ca. 8 skuletimar

Prosess:

Vase med konveks form. Illustrasjon.
  1. Skisseprosess: bruk tid på å finne ei enkel og fin form til ein liten vase. For å slippe å dele gipsforma i fleire deler, må du tenke på at forma kun skal ha konvekse former. Det vil seie at kurvene krummar seg utover. (Sjå illustrasjonen til høgre)
  2. Lage forma i kvitleire; ta utgangspunkt i skissa di og bygg opp den ytre forma i kvitleire. Du skal ikkje tenke på at vasen skal vere hol, ettersom dette berre er ei form som du skal bruke til å ha gips over.
  3. Lag gipsform; ta forma du har laga av vasen din og ha den ned i eit beger eller liknande. Lag gipsmasse og hell ned i begeret.
  4. Støype med flytande leire; når gipsforma er tørka kan du støype sjølve vasen. (Følg prosessen som du finn i lenkene under.)

Relatert innhald

Fordelen med å støype i leire er at du får tynne, fine gjenstandar som kan masseproduserast. Ta utgangspunkt i ei eksisterande form eller lag ei sjølv.

Når du har laga ei gipsform, er det på tide og blande leire og gjennomføre støypeprosessen. Du kan f. eks. bruke flytande støypeleire i steingods.

Vurdering av ferdig produkt:

  • Skisseprosess
  • Form og dekor
  • Gjennomføring
  • Orden på arbeidsplassen
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2018

Læringsressursar

Keramiske teknikkar