Film og filmklipp
Korleis gjer du leira klar til bruk?
Kna leira for å gi jamn konsistens og fukt, og for å få ut luftbobler. Når leira blir brunnen, krympar ho, mens luft utvidar seg når ho blir varma opp. Luftbobler kan derfor føre til at leira eksploderer i omnen. Her lærer du korleis du bør behandle leire, før du byrjar å lage produkt.
I filmen under (lengde 2:22) viser Åsne Raen Solheim korleis du kan bruke skjeretråd, og korleis du unngår luftbobler i leira. Nyinnkjøpt leire skal vere jamn i konsistens og fri for luftbobler. Du kan derfor bruke ho utan å kna først.