Hopp til innhald

Fagstoff

Dreiing

Å dreie er å bruke ei roterande dreieskive og hendene dine til å lage former i leire. I filmen demonstrerer Åsne Raaen Solheim dreieteknikk.

Ikkje gi opp om du ikkje får til å dreie på første forsøk. Du må øve mykje for å få teknikken inn i fingrane. Pass på at du får sentrert leira, slik at ho ligg perfekt i midten på dreieskiva.

Kvit keramikkopp og keramikkfat laga av dreieteknikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan òg omarbeide forma vidare etter dreiing.

Keramikkfat og keramikkmugger laga i dreieteknikk. Den organiske forma er omarbeidd etterpå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Åsne Raaen Solheim og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Keramiske teknikkar