Vase i pølse- eller plateteknikk - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Vase i pølse- eller plateteknikk

Lag ein vase i kvit leire, og vel om du vil byggje opp forma ved hjelp av pølse- eller plateteknikk. Eksperimenter med tekstur og dekorer heile eller delar av overflata.

Tilrådde mål:

  • Botn: om lag 10 cm i diameter

  • Høgd: 30–40 cm (avhengig av storleiken på keramikkomnen)

  • Tjukn: 0,5–1,5 cm

Arbeidsprosess:

  1. idémyldring: Lag skisser til ulike design på vasen, både på papir (2D) og i leire (3D).

  2. Eksperimenter med tekstur og planlegg korleis du vil dekorere vasen.

  3. Vel eit design og lag ei arbeidsteikning i målestokk 1:2

  4. Vel om du vil bruke plate- eller pølseteknikk, og øv på teknikken før du byrjar å utforme vasen.

Videoen viser korleis du kan bruke plateteknikk til å bygge opp ein sylinder. Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0
Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0

Om du ikkje har høve til å jobbe samanhengande, må du hugse å pakke den framveksande forma heilt tett inn i plast.

Den mjuke leireforma kan søkke saman av si eiga vekt. Etter kvart som forma veks, kan det vere lurt å la leira kvile og bli litt hardare før du går vidare.

Dekor

Bruk ulike planter eller gjenstandar til å trykke inn dekor, eller riss inn mønster ved hjelp at modelleringsverktøy.

Dersom du vel plateteknikk, er det lurt å lage teksturen før du set saman forma.

Ved bruk av pølseteknikk må du byggje opp hovudforma først. Fukt den delen du laga først, slik at tørrleiksgraden er nokolunde lik overalt. Start så finmodelleiring og å lage tekstur i leira.

Eigenvurdering

Skriv ei vurdering av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet ditt:

  • Korleis har du jobba med idéutvikling og eksperimentering?

  • Korleis har du brukt teknikkane, og korleis er kvaliteten på handverket i arbeidet ditt?

  • Kva synest du om det estetiske uttrykket?
    Korleis fungerer forma og dekoren på vasen?

  • Har du bidrege til å halde orden på verkstaden?

Innlevering

  • skisser

  • arbeidsteikning

  • vase

  • eigenvurdering av arbeidsprosessen og produktet ditt

Relatert innhald

Fagstoff
Pølseteknikk

Pølseteknikk er ein teknikk der du rullar pølser av leire som du legg og festar oppå kvarandre for å lage ei ståande form, ofte ein vase.

Fagstoff
Plateteknikk

Du kan kjevle ut plater i leire og forme dei rundt eit objekt, eller du kan setje platene saman til nye former.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021