Plateteknikk - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Plateteknikk

Du kan kjevle ut plater i leire og forme dei rundt eit objekt, eller du kan setje platene saman til nye former. I filmane viser Åsne Raaen Solheim deg korleis du kan bruke plateteknikk både til å lage rette former og til å skape ei bogeform.

Plateteknikk er ein teknikk der du kjevlar ut plater i leire som du bruker til å konstruere med. Du kan kjevle leire og forme ho rundt ein gjenstand eller i ei form.

Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0

Det kan vere lurt å bruke eit stoff å kjevle på. Då unngår du at leira festar seg til underlaget, og det er lettare å snu leireplata og kjevle ho på begge sider. Når du kjevlar, kan bruke to like pinnar for å få ei jamn tjukn på plata.

Fat

Du kan leggje ei leireplate inn i ulike former. Slik kan du til dømes formgi skåler og fat.

Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0

Sylinder

Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0

Når platene er mjuke, kan dei formast og eignar seg til å lage sylindrar og bølgja former.

Rette former

Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0

Når platene er lêrharde, blir dei stive og held betre på forma si. Då passar dei til å lage ting med rette former, slik som skrin og lyshus.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Fat med fuglemotiv

Lær å lage eit keramikkfat med fuglemotiv i tekstur.

Oppgåver og aktivitetar
Telyshaldar

Lag ein telyshaldar ved hjelp av plateteknikk. Konsentrer deg først om å byggje forma. Etterpå kan du jobbe vidare med dekor og lage fleire ulike design.

Skrive av Åsne Raaen Solheim og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2022