Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skrinet med det rare i

Design eit skrin som kan ta vare på ein eller fleire gjenstandar du vil verne om. Materialet er leire, og teknikken du skal bruke, er plateteknikk. Jobb med idéskisser, og prøv ut korleis du kan skape dekor med ulike teksturar, før du lagar skrinet.
Keramikkskrin med lok og to fliser med utprøving av tekstur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ulike gjenstandar som lagar avtrykk i leire. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Utforsking av tekstur og overflate

Overflateverknaden til eit materiale kallast tekstur. Ein tekstur kan til dømes vere glatt, ru, hårete eller piggete.

Du skal utforske ulike teknikkar for å lage tekstur i leire.

  1. Lag minst ti fliser i storleiken 8 x 8 cm.
  2. Prøv ut korleis teksturen kan brukast som dekor. Finn ulike gjenstandar og reiskapar. Bruk dei til å trykkje, eller risse i flisene, slik at alle får ulik tekstur.
  3. Etter råbrann kan de eksperimentere med korleis oksid og glasur kan framheve teksturane.

Del 2: Designprosessen

Gå gjennom dei ulike fasane i designprosessen når du skal designe skrinet ditt.

Idéutvikling

  1. Hent inspirasjon og idéar frå bøker, internett og andre stader som inspirerer deg.
  2. Lag fleire skisseutkast til eigne skrin. Overflata på skrinet skal ha tekstur. Bruk kunnskapen du har fått frå utforskinga i del 1. La skissene òg vise idéar til ulike overflater.
Keramikkfliser med ulike teksturar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegging

  1. Vel ei av skissene og lag detaljerte arbeidsteikningar med mål.
  2. Lag malar i målestokk 1:1 av papir eller papp for alle dei ulike delane av skrinet.
  3. Finn ut kva du treng av utstyr for å lage skrinet.

    Ha alt tilgjengeleg før du startar.

Leire som blir kjevla ut mellom to pinnar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring

  1. Kjevl ut ein stor leiv / plate i leire. Bruk pinnar for å få lik tjukkleik på plata.
  2. Skjer ut alle dei ulike delane og la dei tørke til dei er lêrharde.
  3. Vurder om det er best å jobbe med teksturen på dei enkelte platene før du set dei saman, eller om du skal tilføre teksturen når skrinet er ferdig montert.
  4. Bruk slikkar til å feste alle delane saman og byggje skrinet.

    Slikkar fungerer som eit slags lim når du skal setje saman leire. Knus tørre småbitar av leira til smular. Legg dette i vatn og la det svelle til ein tynn graut.

Vurdering

  1. Vurder din eigen arbeidsprosess:

    • Kva har fungert bra?
    • Har noko vore utfordrande?
  2. Vurder produktet ditt:

    • Korleis synest du skrinet ditt fungerer med tanke på gjenstandane det skal ta vare på?
    • Er det noko som kunne vore gjort på andre måtar for å få produktet ditt til å fungere betre?
Keramikkskrin med fliser foran. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innlevering:

  • Fliser med utprøvingar av tekstur
  • Skisser og arbeidsteikning
  • Prosesskildring og eigenvurdering
  • Ferdig skrin

Relatert innhald

Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt eller ei teneste. I denne prosessen går vi gjennom ulike fasar.

Du kan kjevle ut plater i leire og forme dei rundt eit objekt, eller du kan setje platene saman til nye former.

CC BY-NCSkrive av Rita Slotterøy og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020

Læringsressursar

Keramiske teknikkar