Hopp til innhald

Fagstoff

Modellering

Modellering vil seie å forme leire med hendene eller med ulike reiskapar for å lage former og skulpturar.
Modellering av ein skulptur som er inspirert av hender. Foto av prosess og ferdig produkt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

Start med å lage ei grunnform. Viss skulpturen skal vere tjukkare enn om lag 2 cm, bør han vere hol inni for å unngå at han sprekk opp. Då kan det vere lurt å fylle dette holrommet med avispapir for å støtte forma innanfrå. Holrommet må ha eit lufthol gjennom veggen av skulpturen slik at det ikkje blir eit vakuum som kan eksplodere i omnen. Viss du skal lage store ting, er det lurt å bruke ei leire med chamotte i, som gjer han sterkare.

Modellering av eit menneskehovud i leire. Hulrommet på innsida er fylt med krølla avispapir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når grunnforma er ferdig, kan du leggje til leire og modellere fram dei formene og teksturane du ønskjer med fingrane og modelleringsverktøy. Du kan òg skjere eller skrape leira bort for å skape former. Viss hovudforma har vorte lêrhard, er det viktig at du rissar opp leira og nyttar slikkar, slik at den nye leira festar seg.

Eit leirehovud saman med skisser og modelleringsverktøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du lage ein skulptur av eit dyr. Skulpturen skal ha ei tredimensjonal form som fungerer frå alle vinklar.

Slikkar er flytande leire som ein bruker til å lime saman delar av fuktig eller lêrhard leire. Lag slikkar ved å knuse tørr leire og løyse det opp i vatn.

CC BY-SASkrive av Åsne Raaen Solheim.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021

Læringsressursar

Keramiske teknikkar