Fagstoff
Video
Slikkar
Slikkar er flytande leire som ein bruker til å lime saman delar av fuktig eller lêrhard leire. Her lærer du korleis du kan lage slikkar ved å knuse tørr leire og løyse ho opp i vatn.
Instruksjonsfilm
I filmen under (lengde 1:09) viser Åsne Raaen Solheim korleis du kan lage slikkar på ein enkel måte.
Video: Hilde Gullhaug Hennes, Åsne Raaen Solheim / CC BY-SA 4.0
Slikkar fungerer som lim
Når du skal føye saman to delar med lerhard leire, rissar du kontaktflata til dei ulike delane, penslar på slikkar og set dei saman.

Her er slikkar brukt i alle skøytane når platene blir sette saman.