Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk med einvegs- og tovegs-kommunikasjon

Bruk desse forsøka til å bli fortruleg med alle dei nye omgrepa som er introduserte i kommunikasjonsmodellen.
To ungdommer kommuniserer sammen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

De treng: eit stykke papir, blyant og ei tavle

Ein deltakar i forsøket teiknar ein trekant, eit rektangel og eit kvadrat som heng saman på ein bestemt måte på eit stykke papir. Denne deltakaren skal fungere som avsendar, og skal no instruere ein annan deltakar, som skal fungere som mottakar. Avsendar skal stå med ryggen mot tavla slik at han ikkje ser resultatet. Mottakar skal teikne figurane etter avsendaren som gjev ei munnleg rettleiing. Det er viktig at mottakaren ikkje ser originalteikninga.

  • Første del av forsøket er basert på einvegs-kommunikasjon. Mottakaren har ikkje lov til å stille spørsmål. Han skal berre teikne etter dei instruksjonane han får. Ta tida han bruker.
  • Andre del av forsøket er basert på tovegs-kommunikasjon. Mottakaren får ei tilsvarande oppgåve, men no kan han stille spørsmål slik at han får meir presise instruksjonar frå avsendaren. Ta tida no òg.

  • Kva kan vi etter dette lære om einvegs- og tovegs-kommunikasjon?

Oppgåve 2

De treng: legoklossar og eit skjermbrett

Same forsøk som ovanfor kan òg gjennomførast ved at to deltakarar sit på kvar si side av eit skjermbrett. Begge har det same talet legoklossar. Avsendaren skal seie korleis han set saman legoklossane. Mottakaren skal setje saman klossane etter instruksjonar frå avsendaren. I første omgang utan at han har lov til å be om presiseringar, og i neste omgang når han får lov til å be om utfyllande forklaringar undervegs.

CC BY-SASkrive av Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing