Hopp til innhald

Fagstoff

Fordommar

Har du fordommar? For dei aller fleste er det umogleg å svare eit ærleg "nei" på det. Fordommane er som stereotypiane, dei hjelper oss å sortere verda. Kvifor skal vi då kvitte oss med dei?
Illustrasjon av forskjellige jobbsøkere der en foretrekkes basert på fordommer.

Stereotypiar ligg nær opp til det vi kallar fordommar. Fordommar er førehandsdommar som råkar ei gruppe menneske. Dersom vi har fordommar om andre grupper av menneske, vil vi neppe vere villige til å endre dei meiningane vi har om dei på førehand, sjølv om vi får nye opplysningar og haustar nye erfaringar knytte til gruppa.

Er det slik at vi helst vil halde fast på dei gamle karta våre sjølv om terrenget skulle vise seg å vere annleis, har vi fastfrosne stereotypiar eller fordommar. Det kan gjere livet enklare for oss sjølv, men det er neppe ei haldning som fremjar kommunikasjon og mellommenneskeleg forståing.

Kva skil fordommane frå stereotypiane?

Noko av skilnaden mellom stereotypiar og fordommar er at mens stereotypiar er ei tru eller ei oppfatning som heile tida kan endrast, er fordommar ei haldning som prøver å hindre at ein er open for endringar. Fordommar har derfor ein negativ klang. Ein kan óg enkelt seie det slik at alle fordommar er stereotypiar, men ikkje alle stereotypiar er fordommar.

Fordommar bruker vi gjerne for å skilje "oss" frå "dei andre". Det gjer at vi gjerne vurderer til dømes handlingar som "bevis" for fordommane vi har om ein annan kultur. Dersom vi høyrer om ein mann frå ein albansk minoritet som slår kona, har vi lett for å seie at mishandlinga er «ein del av kulturen hans» eller vi seier «kvinnemishandling er vanleg i muslimske kulturar». Dersom ein nordmann gjer det same, har vi lettare for å tilleggje han spesielle personlege trekk: «Han slår kona fordi han har ein ubalansert natur» eller «fordi han er ei bølle».

I det siste tilfellet opplever vi at den bøllete nordmannen er eit unntak frå stereotypiane våre om nordmenn, mens i tilfellet med albanaren får forklaringa oss til å tenkje på at slik mishandling er vanleg, det vil seie at forteljinga viser til ein regel, ein allment vedteken stereotypi, altså ein fordom.

''Jævla homo''

I denne episoden som er henta frå NRKs dokumentarserie ''Jævla homo'', møter vi Gisle Gjevestad Agledahl som utforskar kvifor det framleis er vanskeleg å vere skeiv i Noreg i 2017.

Tenk over: Kva slags bilete har du av homofile? Kan du kjenne deg igjen i fordommar og stereotypiar Gisle møter i denne videoen?

Alle har fordommar

Også minoritetar kan ha stereotypiar og fordommar om norsk kultur og veremåte som kan påverke ein mogleg kommunikasjon. Pakistanarar som får sine stereotypiar ut frå kiosklitteraturen og fjernsynet, kan lett trekkje slutningar om at nordmenn er umoralske og vulgære.

Slike oppfatningar kan igjen setje grenser for kor mykje samhandling dei vil at barna deira skal ha med norske barn. Kontrasten blir desto større når dei – naturleg nok – samanliknar den stereotype norske veremåten med det som er vanleg i det samfunnet dei sjølve kjem frå, som ofte er basert på litt forelda stereotypiar.[1]

Kultur kan lett bli ein slags formel som kan brukast til lettvinte forklaringar, eller som ein samlebehaldar for fordommane våre. Det er all grunn til å åtvare mot kultur som forklaringsmodell i alle slike tilfelle.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing