Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Problemet stereotypiar

I denne oppgåva skal de utforske stereotypiar og korleis dei kan føre til fordommar. Det er viktig at vi er klar over våre eigne fordommar i servicearbeidet.
Ein mann med nikkers og knestrømper, blå strikkegenser, raudt skjerf og raud topplue som er trekt godt ned over auga. Han sit på ei oljetønne med ski på beina, ei flaske øl i den eine handa og eit norsk flagg i den andre handa. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stereotypiar er kategoriseringar av menneske som har enkelte fellestrekk. Vi puttar folk i "båsar".

Oppgåve 1

Sjå klippet frå Team Antonsen: Ekstra Joker Nord

  • Kva karaktertrekk får nordlendingen her?
  • Diskuter med ein medelev: På kva måte blir stereotypiar brukte til å skape humor i denne sketsjen?
  • Kva andre stereotype karakterar på TV eller film kjenner du til?

Oppgåve 2

Sjå denne episoden av NRK-serien Parterapi: sesong 2, episode 1 og vel deg ut eitt par som du studerer nærare. Svar skriftleg på spørsmåla:

  • Kva slags bilete gir episoden av dette paret?
  • Kva er stereotypiane her?
  • Kvifor ler vi av dette?

Oppgåve 3

Korleis kan fordommane vi har basert på stereotypiar, påverke oss i møte med kundar?

Døme

Ei ung kvinne kjem inn i ein elbutikk på jakt etter ein mobiltelefon. Salsmedarbeidaren viser ho ein telefon han tilrår.

Kvinna: "Kan du fortelje litt meir om telefonen?"

Salsmedarbeidaren: "Vi har han mellom anna i rosa og kvit."


  1. Diskuter med ein medelev: Kva synest de om svaret kvinna får? Viser salsmedarbeidaren her nokon fordommar? Trur de han hadde svart ho annleis om han hadde visst at ho gjekk på elektro?

  2. Tenk kvar for dykk og skriv ned døme på korleis eventuelle fordommar kan kome til uttrykk. Ta gjerne utgangspunkt i eiga praksisbedrift.

  3. Diskuter døma med ein medelev.

  4. Diskuter i klassa: Korleis kan fordommane våre påverke serviceopplevinga til kunden?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe, Tone Hadler-Olsen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing