Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåve kultur. Skriv saman!

Kva tenkjer du på når du høyrer ordet "kultur"?
Hender som skriver på whiteboardtavle.Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne oppgåva er ei gruppe-/klasseoppgåve, men kan også løysast individuelt.

Først skriv kvar enkelt elev ned kva dei assosierer med ordet "kultur" – på eit eige notat, i stikkordsform.

Lærar eller ein elev i klassen/gruppa opprettar ei side for samskriving, som til dømes Samtavla, eller bruker tavla i klasserommet. Samle alle assosiasjonane i samtavla/på vanleg tavle. Lenkje til video på YouTube som viser bruk av Samtavla.

Forsøk deretter å plassere det de har skrive på tavla under følgjande bolkar:

  • kunstuttrykk (musikk, teater, maleri/skulpturar, film, dans og liknande)
  • aktivitetar
  • idear, meiningar, verdiar, normer, reglar
  • måtar å leve på
  • fysiske objekt

Prøv no å lage ein felles definisjon av kva ordet "kultur" betyr, ut frå kva de har kome fram til gjennom punkta ovanfor.

Lagre resultatet av oppgåva som eit notat, eller bilete. Du skal bruke det i ei seinare oppgåve i læringsstien.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing