Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis få til god kommunikasjon?

Det er kanskje lett å leggje merke til når kommunikasjonen ikkje fungerer, men veit du kva som kjenneteiknar god kommunikasjon?
Ungdom dansar i gata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er kommunikasjon viktig?

Har du nokon gong opplevd å fornærme nokon utan at du meinte det, eller har du vore i ein skuletime der du ikkje har forstått noko av det læraren har snakka om? Då har du opplevd at kommunikasjonen ikkje fungerte som han skulle. På eitt eller anna punkt i prosessen har noko gått gale.

Eitt av måla med å lære om kommunikasjon, er å kunne kommunisere betre med andre. Dette er noko du har bruk for heile tida, både heime, på jobb og i fritida. Å bli god til å kommunisere handlar ofte om å vere klar over kva som skjer når noko går gale i kommunikasjonen, og lære av dette. I denne videoen får du sjå både dårleg og god kommunikasjon med utgangspunkt i desse temaa:

  • sjølvsentrering
  • videochat
  • kroppsspråk
  • språkbruk på nett
  • blikk-kontakt

Tenk over / diskuter:

Kjende du deg igjen i nokon av situasjonane over?

Kommunikasjon er komplekse greier. Korleis har du eigentleg lært å kommunisere?

Kommunikasjon og støy

Du har lært litt om kommunikasjonsmodellar, og at det ikkje må vere for mange støyfaktorar viss bodskapen skal nå fram slik det var tenkt. Støyfaktorar er ikkje berre støy i forstanden "lyd", men kan òg vere ein dialekt eller eit språk mottakar ikkje forstår, ein relasjon mellom sendar og mottakar som ikkje er god, eller kanskje ulik kulturbakgrunn gjer at ein kodar og avkodar ulikt.

Viss det er nokon slike støyfaktorar i kommunikasjonssituasjonen, krev det ekstra mykje av deltakarane, både når det gjeld innkoding og avkoding. Noko av det viktigaste er å vere velvillig innstilt til den du kommuniserer med og prøve å ikkje la støyen forstyrre.

Mann sit bak eit virvar av kablar og ser ned mens han held hovudet i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Knute på tråden

Ei viktig innsikt som prosessmodellen for kommunikasjon gir oss, er at intendert meining ikkje er det same som motteken meining. Det vil seie at det du meinte å seie, ikkje automatisk blir overført til den du kommuniserer med. Eit bilete på dette som er vanleg å bruke i daglegtale, er at det oppstår ein knute på tråden. Korleis kan vi unngå dette?

Klart språk

Mottakar avkodar, eller "pakkar ut" bodskapen du har "pakka inn" i ei melding, og har med seg erfaringane og forkunnskapane sine som påverkar denne tolkinga.

God kommunikasjon kan derfor handle om å bruke klart og tydeleg språk, og unngå ord med uklar meining, eller ord som kan ha fleire tolkingar i same situasjon. Det er òg viktig å tenkje over kva slags føresetnader mottakar har for å forstå meldinga di, slik at du kan tilpasse forma på meldinga til dei. Lækjarar bør unngå å bruke vanskelege faguttrykk når dei snakkar med pasientar, på same måte bør unge unngå å bruke slang og ungdomsspråk i kommunikasjon med vaksne.

Hjelp med kontekst

Å vere klar over faktorar i situasjonen eller samanhengen kommunikasjonen går føre seg i, kan bidra til betre kommunikasjon. Slike faktorar som er med på å gi meining til ei melding, kallar vi kontekst. Alle som har høyrt nokon rope "Kva er dette?" frå eit anna rom, veit kor irriterande det er, for då må du jo reise deg og gå til det andre rommet for å sjå kva "det" i fråsegna peikar på. God kommunikasjon handlar derfor òg om å hjelpe kvarandre til å få med seg faktorar i konteksten som er nødvendige for å forstå.

Sjå frå den andre sitt perspektiv

Vi spurde i starten av denne artikkelen om du nokon gong hadde opplevd å fornærme nokon utan å meine det. I eit slikt tilfelle handlar det ofte om at du ikkje har vore medvite nok på ståstaden til mottakaren eller perspektiv på situasjonen. Det du meinte som ein spøk, vart kanskje teke på alvor av mottakaren.

God kommunikasjon i dette tilfellet hadde vore å spørje deg sjølv først: Korleis ville eg reagert på ein slik vits? Kan samtalepartnaren misforstå eller oppleve det eg seier som sårande?

Det hjelper òg å ha eit felles mål for kommunikasjonen og sjå på den som eit samarbeid om å skape forståing og meining, ikkje ein kamp om å vinne.


Tenk over / diskuter:

Korleis kan du bruke kunnskap om kva som skaper knute på tråden når det gjeld å løyse konfliktar?

Kan du tenkje på tilfelle der nokon medvite har prøvd å sabotere kommunikasjonen? Viss svaret er ja, korleis har dei gått fram?

Ein gigantisk mann tronar over ein liten mann. Illustrasjon.

Relasjon og rolle i kommunikasjonen

Ein symmetrisk relasjon inneber at kontroll, makt og styresmakt er jamt fordelt mellom partane, slik at dei dannar likeverdige relasjonar. Ofte opplevast det slik i forholdet mellom gode vener eller kollegaer som i ord og handling viser gjensidig respekt for kvarandre. Symmetri føreset balanse i forholdet, og at ein opplever kvarandre som jambyrdige.

Viss partane ikkje er likeverdige, kallar vi kommunikasjonen asymmetrisk. Vi vil alle oppleve å vere i situasjonar der den vi kommuniserer med har makt over oss, eller at vi har makt over dei. Eit døme på ein asymmetrisk relasjon er forholdet mellom lærar og elev. Læraren har makt til å setje karakterar og vurdere åtferda og ordenen din. Derfor vil du sannsynlegvis kommunisere annleis med læraren din enn med til dømes veslebroren din. Du vil truleg tilpasse både val av ord og tonefall fordi det kan gi ulike reaksjonar. Tenk deg forskjellen på å seie "gå og legg deg" til høvesvis læraren og veslebroren din. Korleis påverkar relasjonen kommunikasjonen i desse to situasjonane?


Tenk over / diskuter:

Kva type relasjon har samtalepartnarane i dei ulike situasjonane frå videoen over?


CC BY-SASkrive av Eli M. Huseby, Marthe Johanne Moe og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing