Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fun Factory

Korleis påverkar kulturelle og sosiale faktorar kommunikasjonen i kortfilmen Fun Factory?

Fun Factory er ein kortfilm frå 2019, regissert av Lisa Brooke Hansen og Even Hafnor. I filmen møter vi eit par som tek opp problem etter å ha vore vitne til ein konflikt i eit leikeland.

Oppgåve

Sjå kortfilmen, og beskriv og reflekter over korleis kulturelle og sosiale faktorar påverkar kommunikasjonen mellom

- dei to kundane og den tilsette

- ekteparet

- mannen og dei to kundane

  • Kva er det som gjer at kommunikasjonen ikkje fungerer i dei tre kommunikasjonssituasjonane?

  • Kva kunne personane gjort for å få til betre kommunikasjon?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen, Tina Andersson og Ida Marie Stokkeland.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing