Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er kultur?

Kva er kultur? Kva har forma norsk kultur, og kva gjer at ein kultur endrar seg? Møt blant anna sosialantropolog Marianne Lien og Nils og Ronny frå NRK som reflekterer rundt temaet.

Oppgåve 1

  • Korleis definerer sosialantropolog Marianne Lien omgrepet kultur?
  • Lien seier at du kan samanlikne kultur med ein kafé. Forklar kva ho meiner med dette.
  • Kva slags kulturforståing brukar Lien når ho beskriv kultur? (normativ, beskrivande, essensiell eller dynamisk)

Oppgåve 2

  • Kva seier denne filmen om norsk kultur og kva som har påverka han? Lag eit tankekart eller ei tidslinje som viser alle aspekta som blir trekte inn av personane som er intervjua.
  • Fyll på tankekartet eller tidslinja med eigen kunnskap om emnet (til dømes frå norskfaget).
  • Bygg ut tankekartet ditt eller tidslinja di ved å bruke fleire kjelder som seier noko om norsk kultur. Samanlikn resultatet ditt med en eller fleire medelevar sitt resultat. Er de einige om alle punkta de har teke med? Diskuter kvifor / kvifor ikkje.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing