Hopp til innhald

Fagstoff

Gå i djupna på kulturomgrepet

Kva snakkar vi eigentleg om når vi snakkar om kultur, og korleis kan dette påverke korleis vi oppfattar og forstår forskjellar og likskapar mellom menneske?
Tre som representerer kulturen, med orda kunst, gjenstandar, skikkar, tatoveringar, språk, musikk, litteratur, klede, mat, helsemåtar, kroppsspråk og tradisjonar skrivne på blada, mens orda trusførestilling, verdsbilete, verdiar, normer og menneskesyn står skrivne i røtene under bakken. Fire menneske står og ser på treet. Illustrasjon. 
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturomgrepet

I faget kommunikasjon og kultur er kultur naturlegvis eit av dei viktigaste fagomgrepa, men det er òg eit omgrep som er vanskeleg å avgrense. I boka Culture: A Critical Review of Concepts and Definitions samla forfattarane over 200 definisjonar på kultur, noko som viser kor vanskeleg det er å vere sikker på at vi snakkar om det same, når vi snakkar om kultur.

Du kjem likevel til å møte kulturomgrepet overalt, og du skal òg bruke det sjølv. Derfor er det viktig at vi tek oss tid til å undersøkje omgrepet, slik at vi får fram mange av konfliktane og nyansane det rommar.

Tenk over / diskuter

  • Kva meiner vi når vi seier «ein kultur»?

  • Kor stor eller liten kan ein kultur vere?

  • Korleis kan vi definere kvar éin kultur byrjar og ein annan kultur sluttar?

Kva er kultur?

Spør du nokon kva kultur er, vil du få mange ulike svar. Du vil òg høyre at omgrepet blir brukt på ulike måtar i ulike samanhengar. I daglegtalen blir det ofte brukt som samlebegrep om kunstuttrykk som biletkunst, litteratur, musikk, dans og teater.

I diskusjonar om det fleirkulturelle samfunnet og mangfald er det ikkje fotball eller opera vi snakkar om. Då snakkar vi om kultur som ein måte å leve på, som tradisjonar og kulturarv, mat og språk.

Antropologen Clifford Geertz har hatt mykje å seie for synet på kultur i kommunikasjonsstudiet. Han beskreiv kultur som eit flettverk av betydning, som vi menneske både har skapt sjølv og er vikla inn i. Kultur er då eit felleskap som deler kodar, idear, verdiar, mønster, rammer, normer og identitetar.

Tenk over / diskuter

Kva er det første du tenkjer på når du høyrer ordet «kultur»?

Kva er felles for dei ulike måtane å bruke kulturomgrepet på?

Kva er ikkje kultur?

Kan vi snakke om «ein kultur»?

Korleis vi bruker kulturomgrepet, gjer noko med måten vi ser verda på. Når vi snakkar om «ein kultur» eller «andre kulturar», verkar det som om kultur er noko klart avgrensa og einskapleg, og ein ting vi kan undersøkje og beskrive.

Vi kan til dømes seie at samisk kultur er prega av nærleik til naturen. Dette stemmer med bileta av samisk kultur som vi ser på museum og kanskje i turistbrosjyrar. Men er dette spesielt for det samiske? Og er all samisk kultur i dag slik?

Ein familie sit i sofakroken ved sida av ei pute med eit bilete av dei i samedrakter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskjellar og endring

For det første er det lett å fokusere på det som er ulikt frå eller hovudkulturen. Det er jo ofte den kulturelle variasjonen vi synest er interessant, men det kan òg gi oss eit skeivt bilete av røyndomen, der skiljet mellom «vi» og «dei andre» blir kunstig skarpt.

For det andre kan det hende at vi går glipp av store forskjellar mellom enkeltmedlemene i det kulturelle feltet når vi beskriv ein kultur i generelle trekk. Faktorar som , kjønn, seksuell legning og verkar alltid i samspel med dei store linjene som vi meiner er felles for ein kultur.

Vi veit òg at kulturar er i stadig endring, derfor er det vanskeleg å snakke om «ein kultur». Endringar skjer når vi kjem i kontakt med andre kulturelle impulsar, men også på grunn av variasjon i måten vi menneske tolkar og uttrykkjer det kulturelle på. Endringar kan òg oppstå som ein protest mot etablerte normer og verdiar eller fordi andre faktorar i omgivnadene våre endrar seg.

Tenk over / diskuter

  • Korleis har kulturen på heimstaden din endra seg dei siste 200 åra, trur du? Kva med dei siste 20 åra? Korleis har endringane skjedd?

  • Kva døme kan du finne på kulturforskjellar mellom dei som tener mest og minst i Noreg?

  • Kven trur du at du har flest kulturelle referansar til felles med: ein italiensk tenåring eller ein 60-åring frå heimbyen din?

Overlapping og samhandling på tvers av fellesskap

På grunn av som pregar verda i dag, er det svært sannsynleg at det er mykje samhandling og fellesskap på tvers av grupper som vi seier at tilhøyrer ulike kulturelle fellesskap. Grensene mellom kulturar er altså ikkje lette å definere, men er skiftande og overlappande.

Kultur som eigenskap, ikkje som ein «ting»

Ein måte å gi rom for konflikt, variasjon og ei opnare avgrensing mot resten av verda på er å snakke om «det kulturelle» i staden for «ein kultur». Her bruker vi altså eit adjektiv (ord som beskriv eigenskapar ved ein ting) i staden for eit substantiv (ord for ting). Slik unngår vi å forenkle, avgrense og generalisere det vi undersøkjer og diskuterer.

Tenk over / diskuter

Tenk deg at du skal undersøkje det kulturelle på heimstaden din: Ville du ha sett mykje variasjon, eller ville du ha sett ein tydeleg felles kultur?

Finst det noko vi kan kalle kultur, då?

Dette er faktisk eit spørsmål som har blitt debatterte dei siste åra, og enkelte har foreslått å berre droppe heile kulturomgrepet (Røyrvik, 2019).

Men sjølv om det er vanskeleg å peike på kultur som noko tidlaust, avgrensa og einskapleg, vil dei færraste meine at det ikkje finst noko vi kan kalle kultur. Vi ser tydeleg det kulturelle som grupper har til felles, og som varierer mellom grupper, trass i overlapping og intern variasjon. Kulturomgrepet gir oss ein viktig innfallsvinkel til å undersøkje rammene for både identitet, kommunikasjon og kulturuttrykk.

Tenk over/diskuter:

Korleis vil du beskrive kva kultur er, etter å ha lese denne artikkelen?

Kjelder

Edgar, A., & Sedgwick, P. (2008). Cultural Theory – the key concepts. London, New York: Routledge.

Røyrvik, E.A. (2019, 02). «Kulturbegrepet og representasjonskrisen». Norsk antropologisk tidsskrift, ss. 99–120. Henta 4. september 2020 frå https://www.idunn.no/file/pdf/67129548/kulturbegrepet_og_representasjonskrisen.PDF

Relatert innhald

Sjå videoen "Alt det vi deler" og reflekter over korleis vi kan sprengje båsane vi set kvarandre og oss sjølve i.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing