Hopp til innhald
Oppgåve

Stereotypiar og fordommar

"Money back, Please" er ein film som testar fordommane til sjåaren. Vi blir vitne til ei realistisk scene der ei lita jente blir teken for nasking på eit kjøpesenter. Etter kvart som dramaet utspeler seg, kjem ei anna verkelegheit til syne.

Oppgåve 1

  • Sjå nærare på karakterane i filmen. Korleis vil du skildre vektaren, butikksjefen, jenta, mora?
  • Korleis er samspelet mellom karakterane? Diskuter korleis dei handterer situasjonen med den vesle jenta.
  • Mange på kjøpesenteret observerer situasjonen. Korleis oppfører “dei andre” seg under episoden?
  • Kva trur du er årsaka til at menneska i filmen handlar som dei gjer?
  • Kor mykje har kultur og språk å seie for at det oppstår mistydingar i denne filmen?

Oppgåve 2

  • Forklar kva stereotypiar er. Kva kjenneteiknar dei? Kvifor har vi lett for å tru at dei er allmenngyldige?
  • Drøft om stereotypiar er nyttige eller om dei er skadelege. Gi argument for den eine eller den andre oppfatninga.
  • Kva er fordommar? Forklar korleis fordommar skil seg frå stereotypiar.
  • Kan stereotypiar utvikle seg til fordommar? På kva måte? Gi eksempel.

Oppgåve 3

  • Kva stereotypiar finst om karakterane vi møter i kortfilmen "Money back, please"?
  • Trur du handlinga hadde utspelt seg annleis om butikksjefen og vakta i filmen hadde hatt kunnskap om fordommar og stereotypiar? Grunngi svaret ditt.
  • Korleis kan kunnskapen din om stereotypiar bidra til kamp mot fordommar? Finn eksempel som belyser korleis det kan skje.
CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Øyvind Dahl, Marthe Johanne Moe og Mairi Macdonald. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 08.11.2018