Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er god kommunikasjon?

Korleis kan vi saman få til god kommunikasjon? I denne filmen gir ein fagperson råd om kva personane i ulike kommunikasjonssituasjonar kan gjere for å få kommunikasjonen til å fungere betre.

Ulike typar kommunikasjon

I filmen under ser vi døme på ulike typar kommunikasjon, og kva som gjer at kommunikasjonen ikkje alltid fungerer like bra. Vi får òg råd frå ein fagperson om kva som kan gjere at kommunikasjonen flyt betre.

Oppgåver til filmen

  1. Vel to av situasjonane i filmen, og forklar med eigne ord kva som gjorde at kommunikasjonen ikkje fungerte.
  2. Kva skjedde med kommunikasjonen etter at fagpersonen kom med kommentarane sine?
  3. Kan du kjenne deg igjen i nokon av situasjonane vi ser i filmen? Gi døme på liknande situasjonar du har opplevd.
  4. I filmen ser vi at guten som speler på nettet snakkar nedsettande til og om han han spelar med. Kva tenkjer du det viktig å hugse på når vi kommuniserer via internett?
  5. Med utgangspunkt i filmen og dine eigne erfaringar; skriv ned fem punkt for kva du meiner kjenneteiknar god kommunikasjon. Samanlikne punkta dine med ein klassekamerat. Er de samde om kva som kjenneteiknar god kommunikasjon?

Praktisk oppgåve / rollespel: utforsk kommunikasjon

  • Gå saman i grupper på tre, og vel ein kommunikasjonssituasjon som de er kjende med. Bruk gjerne scenene frå filmen som inspirasjon.
  • To av dykk er deltakarar i kommunikasjonssituasjonen, og den tredje har rolle som fagperson, slik som Joachim i filmen.
  • De to som er deltakarar planlegg ein kort samtale, der kommunikasjon av ulike grunnar ikkje fungerer. Den som har rolla som fagperson skal kome med råd til korleis kommunikasjonen skal fungere betre. Ta i bruk råda og hald fram kommunikasjonen.
  • Gjenta forsøket nokre gonger, slik at alle tre får vere fagpersonen som gir råd.
  • Kva råd om kommunikasjon vil de ta med dykk vidare?
CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing