Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturelle faktorar i kommunikasjonen

Kulturelle faktorar varierer i ulike kulturelle fellesskap. Dette kan påverke korleis vi kommuniserer med kvarandre.
To elevar står med ryggen til og ser på eit stort verdskart på ein vegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal utforske kommunikasjon mellom menneske, kan det vere viktig å kjenne til nokre kulturelle faktorar som kan påverke korleis vi skaper og tolkar meining. Hugs òg at og kompleks, slik unngår du å bruke .

Kommunikasjonsstilar

Kommunikasjonsstilar kan variere på tvers av kulturelle fellesskap. Kroppsspråk og berøring kan ha ulike tolkingar, det kan òg stemmebruk og volum, og kor tett vi står når vi snakkar. Vi kan sjølvsagt ikkje vite på førehand korleis nokon kommuniserer på bakgrunn av nasjonaliteten deira, men vi kan bruke kunnskap om variasjon i kommunikasjonsstilar til å utforske konkrete situasjonar.

Indirekte eller direkte

Kor indirekte eller direkte vi er, kan òg vere kulturelt tinga. I det vi kallar høgkontekstkulturar, er stilen ofte indirekte, fordi konteksten gir så mykje meining til bodskapen. I Noreg, som er ein lågkontekstkultur, der informasjonen ligg i det som blir sagt, ikkje i konteksten, er vi generelt meir direkte i kommunikasjonen enn til dømes i Aust-Asia. I Japan, som blir rekna som ein høgkontekstkultur, er det sett på som uhøfleg å svare "nei" på eit spørsmål, medan i Noreg kan det bli oppfatta som eit brot på spelereglane om du ikkje svarer direkte på eit spørsmål (Live Japan, 2020).

Presis eller utbroderande

Det er òg kulturforskjellar i kor presise eller utbroderande vi er når vi kommuniserer. På den eine enden av skalaen har vi ein utbroderande kommunikasjonsstil, med mange ord, språklege bilete og uttrykksfulle formuleringar. Ein slik stil er meir vanleg blant afro-amerikanarar, og i arabiske land og i Midtausten (Liu, Volcic & Gallois, 2015). I den andre skalaen har du ein ordknapp, konkret stil, eller til og med stille, slik som i Finland.

Personleg eller kontekstuell

Vi kan òg sjå forskjellar i korleis vi framhevar anten den personlege identiteten vår på den eine sida, eller statusen og rolla vi har i eit samfunn på den andre sida. I individualistiske samfunn har vi ein kommunikasjonsstil som er meir uformell, med utstrekt bruk av pronomenet "eg". På den andre sida av skalaen har du ein stil der roller og den tilskrivne statusen din styrer korleis du kan tiltale andre, slik vi i Noreg for nokre tiår tilbake hadde ei eiga høfleg form for du: "De" (Liu, Volcic & Gallois, 2015).

I klippet frå NRK under beskriv Ragnhild N. Grødal tre andre kommunikasjonsstilar, den emosjonelle, den praktiske og den analytiske:

Tenk over / diskuter:

Kan du tenkje på andre faktorar som kjenneteiknar kommunikasjonsstilar til kulturelle fellesskap du høyrer til i?

Har du opplevd at kommunikasjon har vore vanskeleg på grunn av forskjellar i kodar for kroppsspråk?

Verdsbilete

er òg ein viktig del av kulturkonteksten, og er ein faktor som påverkar kommunikasjonen. Dei er heilskaplege førestillingar om korleis verda fungerer, som påverkar korleis vi forstår fenomen i kvardagen, til dømes ulike religiøse framsyningar.

Verdsbiletet påverkar kva vi meiner når vi snakkar om ting, og korleis vi tilskriv meining til andre sine ytringar. Sidan det er så grunnleggjande idéar det er snakk om, er det lett å ta for gitt at andre deler vårt syn på verda, mens vi eigentleg snakkar forbi kvarandre.

Konspirasjonsteoriar og manglande tillit

kan vere så omfattande at dei for nokon utgjer eit heilt eige verdsbilete. Viss du trur at dei som bestemmer, lyg om alt frå UFO-ar til klimaendringar, vil dette ha ein konsekvens for korleis du tolkar røyndomen. Dette såg vi døme på under korona-pandemien, der enkelte nekta å bruke munnbind og ta vaksine fordi dei meinte at det var eit forsøk frå staten på å undertrykkje og kontrollere befolkninga. Manglande tillit til styresmaktene kan òg vere prega av kva slags erfaringar menneske har frå heimland dei kanskje har flykta frå på grunn av forfølging.

Les artikkelen Her er koronoa-konspirasjonene på utrop.no.

QANON-konspirasjonen tilbyr eit verdsbilete som fører til eigne tolkingar av hendingar i røynda hos dei som trur på den. Dette såg vi eit konkret uttrykk for då Trump-tilhengjarar storma Capitol-bygget i USA i januar 2021. Sjå kva slags framsyningar som ligg til grunn for dette verdsbiletet i dette filmklippet frå NRK:

Tenk over / diskuter:

Korleis påverkar det tolkinga di av ei melding at ho kjem frå avsendarar du ikkje har tillit til?

Kvifor trur du konspirasjonsteoriar som QANON-teorien har så mange tilhengjarar?

Det vestlege verdsbiletet

Vestlege forskarar har òg tradisjonelt peika mykje på "dei andre sine" verdsbilete, men lite på dei framsyningane som dannar grunnlaget for deira eigne. Det vestlege verdsbiletet har derfor lenge hatt ein status som og vitskapleg. Eit vitskapleg verdsbilete handlar om at vi forklarer fenomen og samanhengar med teoriar vi har laga ut frå undersøkingar og observasjon. I vår tid ser vi at sjølv vitskaplege teoriar kan kvile på framsyningar som ikkje er nøytrale, slik som rasevitskapen som vart brukt til å legitimere kolonisering og diskriminering.

I debatten om klimakrise og tap av naturmangfald peikar derimot enkelte, slik som filosofen Arne Næss, på at problema kjem frå det vestlege, antroposentriske verdsbiletet, som set mennesket over naturen. I eit økosentrisk verdsbilete, som mange urfolk tradisjonelt har hatt, er mennesket ein del av samspelet i naturen, der alle partane i eit økosystem er avhengige av kvarandre.


Tenk over / diskuter:

Kva førestillingar om verda styrer verdsbiletet ditt, trur du?

Menneskesyn

Det er òg forskjellar på menneskesynet på tvers av kulturar. På eit generelt grunnlag har Vesten eit meir menneskesyn, medan andre kulturar ser einskildmennesket meir som ein del av eit fellesskap. I episoden av NRK-programmet Typisk norsk peikar Harald Eia på at det å vere uavhengig er ein viktig verdi for mange i Noreg. I ei anna kulturell setjing kan sjølvstende bli sett på som egoisme, fordi du set deg sjølv over fellesskapet.

Tenk over / diskuter:

Har du andre døme som viser det individualistiske menneskesynet?

Kjelder:

Bøhn, H. og Dypedahl, M. (2017). Veien til interkulturell kompetanse. Fagbokforlaget.

Eriksen, T. H. (1993). Små steder – store spørsmål. Universitetsforlaget.

Liu, S., Volcic, Z. & Gallois, C. (2015). Introducing intercultural communication. Sage.

Gratani. M., Sutton, S. G., Butler, J. R. A., Bohensky, E. L. & Foale, S. | Stevenson, M. (Reviewing Editor). (2016). Indigenous environmental values as human values, Cogent Social Sciences, 2(1), DOI: 10.1080/23311886.2016.1185811

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing