Hopp til innhald

Fagstoff

Å tolke kroppsspråk

Kva kroppsspråk uttrykkjer, kan variere frå land til land. Ein sals- og reiselivsmedarbeidar må vite om dette, og bør også kunne tolke forskjellige kroppsspråk.
Står med armene i kors. Nekter å hilse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Same kroppsspråk – ulik betydning

Kva kroppsspråk ein bruker, er svært ulikt frå land til land. Ei og same armrørsla kan bety to ulike ting – alt etter kvar du kjem frå.

Du kjenner kanskje att desse teikna?

  • Armane i kryss: Du viser at du er usikker og har ei reservert haldning.
  • Klø seg på nasen: Mange meiner at dette er eit sikkert teikn på at ein ikkje pratar sant.
  • Byte av kroppsstilling er eit teikn på at ein er rastlaus.

Barn som lyg, held ofte hendene framfor munnen. Dei held også hender framfor auga og øyra dersom dei er redde for å bli avslørte.

Når vi vaksne lyg er det vanleg at vi blunkar meir med auga, og vi kan byrje å sveitte. Somme raudnar også.

Arbitrære teikn

Med uttrykket arbitrære teikn (eller tilfeldige teikn) meiner vi at det ikkje er ein direkte samanheng mellom teiknet og det teiknet står for. Derfor treng heller ikkje alle teikn bety det same i alle kulturar, og somme teikn kan ha heilt ulik betydning.

Kan vi stole på kroppsspråket?

Du er kanskje sjølv blitt spurd om du er trist og lei deg, sjølv om du ikkje er det? Det betyr at du kanskje har eit kroppsspråk eller eit ansiktsuttrykk som ikkje står i samsvar med korleis du eigentleg føler deg? Du sat kanskje berre i dine eigne tankar?

Du kan smile sjølv om du ikkje kjenner deg glad, og du kan sjå trist ut sjølv om du er glad.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing