Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjon og kultur, spørsmål til podkast

Korleis skal du som servicemedarbeidar ta omsyn til kundar som har eit anna språk og ein annan kultur enn deg? Det kan vere utfordrande å vite korleis vi skal reagere når vi ikkje forstår kva kunden vil.
Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Kulturforståing og servicemedarbeidarar

Kva betyr eigentleg omgrepa "kultur", "verdiar" og "haldningar"? Korleis skal du sjå og lese kunden når du høyrer, ser eller merkar at vedkommande har ein annan bakgrunn og kanskje andre verdiar, hald...

0:00
-0:00

Oppgåve

Du skal lytte til podkasten og finne svar på spørsmåla. Klassa kan gå gjennom svara i plenum, eller dei kan leverast inn som ei individuell oppgåve.

  1. Korleis blir omgrepet kultur definert i podkasten?

  2. I podkasten snakkar sosialantropologen Ivar Haugstad om ei europeisk verdiundersøking. Kva verdiar er viktige for nordmenn ifølgje denne undersøkinga? Kva verdiar er ikkje så viktige for oss?

  3. Korleis bør vi som servicemedarbeidarar ta omsyn til kundar som oppfører seg på ein annan måte enn det vi er vande med?

  4. Korleis forklarer Ivar Haugstad samanhengen mellom tenking, haldning og handling?

  5. I podkasten snakkar dei om eit engelsk uttrykk: «Assumptions are the mother of all fuck ups.» Korleis vil du omsetje og forklare dette uttrykket?

  6. Ivar Haugstad snakkar om ein forfattar som heiter Patrick Lencioni. Kva har han sagt om det å vere lagspelar og jobbe i gruppe (team)?

  7. Kva trur du ligg i det å vere «people-smart»?

  8. Av det som dei snakkar om i podkasten, kva synest du er aller viktigast å ta med deg inn i det framtidige yrket ditt?

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing