Vurder kjeldene
Film om kjeldekritikk
Sjå filmen (lengde 1:34):
I skulearbeidet er du avhengig av å bruke pålitelege kjelder som har greie på det dei uttaler seg om. Det gjeld både kjelder du søker opp på internett eller på biblioteket, og personar du bruker som munnlege kjelder.
Slik kan du vurdere kvaliteten på kjelda
Når du jobbar med kjelder, må du vurdere kva kvalitet dei har. Er kjelda truverdig? Er kjelda nøytral? Har kjelda kunnskap om det du treng svar på?
TONE står for fire viktige nøkkelord som du kan bruke når du skal vurdere ei informasjonskjelde:
Truverdig: Er kjelda sikker?
Objektiv: Er kjelda nøytral?
Nøyaktig: Finn du slurv og juks?
Eigna: Kan du finne dei svara du treng?
Nettsøk
Internett flyt over av informasjon. Søkemotorar som Google er laga for å hjelpe oss med å finne den informasjonen vi er på jakt etter. Dei fleste av oss er ikkje flinke nok til å bruke søkemotorane effektivt. Ofte får vi for mange treff, og treffa er ikkje like relevante. Derfor er det viktig å forstå kva ein søkemotor er, og korleis han fungerer. I nokre tilfelle finst det likevel ein enklare veg til målet. I nettleksikon og på offentlege nettsider kan du raskt finne informasjon av høg kvalitet.
Falske nyhende
Falske nyhende, propaganda og desinformasjon har alltid vore, og er framleis, eit viktig våpen i krigar og konfliktar. Som brukar av sosiale medium kan du faktisk vere den som bidreg til at falske nyhende blir spreidde via "liker" eller deling. Men som bevisst kjeldekritikar kan du òg sørge for å avsløre kjelder og stoppe spreiinga av falsk informasjon.
Relatert innhald
Vi ser på definisjonar av omgrepet falske nyheiter og døme på ulike former for usann informasjon.
Ei innføring i bruk av søkemotorar på internett og kva som er forskjellen på nettsøk og det å generere tekst frå ein praterobot.